Kurs for 8.–13. trinn
Treng du hjelp til å motivere elevane i arbeidet med nynorsk sidemål? Ønsker du at elevane med nynorsk som hovudmål skal vere glade i språket sitt og ha god språkleg sjølvtillit? Er du på jakt etter gode undervisningsopplegg som er moglege å gjennomføre innanfor rammene du har, og som vi har prøvd ut og veit fungerer? Har du lyst til å hjelpe elevane til å bli kompetente lesarar og skrivarar – i alle sjangrar og i alle fag?
Vi som arbeider ved Nynorsksenteret, har kunnskap om og erfaring med kva som fungerer når elevane skal bli trygge og kompetente nynorskbrukarar. Vi viser deg kvar du kan finne nynorske fagtekstar til undervisninga, og vi presenterer aktuell, nynorsk litteratur som grip elevane. Kursa våre er praksisnære og gir deg ny kunnskap og nyttige verktøy som er enkle å ta i bruk i undervisninga. Nynorsksenteret har utvikla og formidla god nynorskopplæring sidan senteret vart oppretta av Kunnskapsdepartementet i 2005. Vi har gjennomført ei lang rekkje prosjekt ved skular og i kommunar over heile landet, både der elevane har nynorsk som hovudmål og der elevane har nynorsk som sidemål.
Vi tilbyr også kompetansehevingspakkar med kurs som går over fleire dagar, og vi kan halde kurs om fleire tema som ikkje står på denne lista. Ta kontakt med oss, så skreddarsyr vi eit opplegg som passar for dykk.
Emne som kan vere aktuelle for kurs
- Korleis fremje motivasjon for nynorskopplæringa?
- Korleis lukkast med nynorskopplæringa? Didaktiske tips
- Ei heilskapleg nynorskopplæring i planar og praksis
- Nynorsk litteratur i klasserommet – leselyst og lesekompetanse
- Kreativ skriving
- Meiningsfull skriveopplæring – å skrive nynorske fagtekstar
- Ei variert og tverrfagleg grammatikkopplæring
- Snakk saman om språk – ei utforskande tilnærming til språket
- Korleis vurdere elevane sin nynorskkompetanse?