Kurs for barnehagen

«Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling» (R17, s. 23)

Kvart av kursa under er på to timar, men kan setjast saman til halvdags- eller dagskurs. Ta kontakt for pristilbod. Nynorsksenteret kan skreddarsy ein kurspakke som passar dykk.

Kontaktpersonar

Nettkurs: Nynorske bøker for dei minste

Her finn du presentasjon av nynorsk barnelitteratur som passar godt for born i barnehagealder. Filmen varer i 17 minutt og kan til dømes visast i fellesmøtetida i barnehagen.

Nettkurs: Nynorsk språkstimulering

I denne presentasjonen på 10 minutt går Anne Marta Vinsrygg Vadstein gjennom åtte punkt for ei nynorsk språkstimulering i barnehagen.

​Levande språkmiljø i barnehagen

Tradisjonelt har det vore hovudvekt på munnleg språkstimulering i barnehagen, men i rammeplanen frå 2017 er også skriftspråkstimulering løfta fram. Personalet i barnehagen skal mellom anna «støtte barna i leiken med og utforskinga av skriftspråket» (R17, s. 48). Dette kurset inneheld fagstoff om skriftspråkstimulering i barnehagen, og viser ulike metodar for korleis ein kan gjennomføre det i barnehagekvardagen. Kurset handlar mellom anna om å leike seg med bokstavar, bøker og songar, og korleis den vaksne kan leggje til rette for skriftspråkutforsking.

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:

  • Språkstimulering i barnehagen
  • Utforske skriftspråket på barnehagen sine premissar
  • Leikemiljø
  • Boksamlinga til barnehagen
  • Språk i bruk, den vaksne som modell
  • Presentasjon av nynorsk barnelitteratur

Les for meg!

Bøker kan gje inspirasjon til leik og samtale og er ei oppleving i seg sjølv. Personalet i barnehagen skal leggje til rette for at borna «opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale», «bruke varierte formidlingsformer og tilby eit mangfald av bøker, songar, bilete og uttrykksformer» (R17, s. 48). Dette kurset gjev ei innføring i nyare litteratur og songar, og inspirasjon til å lese på nye stader og på nye måtar.

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:

  • Lyttelyst
  • Bok i bruk – nye måtar å bruke boka på
  • Ulike tekstmøte – rim, regler, songar
  • Bok og leik
  • Forteljing
  • Høgtlesing
  • Presentasjon av nynorsk barnelitteratur

Språkstimulering gjennom musikk

Å syngje er ei estetisk oppleving i seg sjølv, i tillegg til å stimulere tale- og skriftspråkutviklinga til borna. Dette totimarskurset handlar mellom anna om:

  • Kvifor musikk?
  • Korleis kan musikk, song, rim og regler vere språkstimulerande
  • Lydleik og utprøving av enkle rytmeinstrument
  • Praktiske øvingar, nynorske songar og regler
  • Ressursar for språklæring gjennom musikk

Kurshaldarane er musikkterapeut Liv-Jorun Bergset og høgskulelektor Anne Marta V. Vadstein.

Biletboka som estetisk oppleving

Biletboka inviterer til å arbeide med fagområda kunst, kultur og kreativitet og språk, tekst og kommunikasjon. Mellom anna skal borna få «estetiske erfaringar med kunst og kultur», og personalet skal «stimulere nysgjerrigheit, utvide forståinga deira og bidra til undring» (R17, s. 50). Dette kurset tek føre seg nynorske biletbøker og korleis ein kan snakke saman om bilete og innhald i teksten, samt bruke boka som utgangspunkt for eiga skapande verksemd.

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:

  • Å sanse ei bok
  • Samansette tekstar er språkstimulerande
  • Boka som utgangspunkt for eiga skapande verksemd
  • Presentasjon av nynorske biletbøker

Bestevenn med biblioteket

Ei variert boksamling er viktig i barnehagen, og ved å bruke biblioteket aktivt kan ein utvide boksamlinga nesten uendeleg, og få tilskot av nye bøker heilt gratis. Å bli kjent med biblioteket allereie i barnehagen legg grunnlaget for at borna også brukar biblioteket seinare i livet. Gjennom prosjektet Nynorske lesefrø har Nynorsksenteret samla nokre erfaringar om korleis ein kan starte samarbeid mellom biblioteket og barnehagen. I dette kurset deler vi av desse erfaringane, og viser også til fagstoff om høgtlesing, lesemiljø og miniutlån i barnehagen.

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:

  • Samarbeid med biblioteket
  • Miniutlån i barnehagen
  • Erfaringar frå Nynorske lesefrø-prosjekta