Kurs for 1.–4. trinn
Desse kursa er hovudsakleg for lærarar som underviser elevar med nynorsk som hovudmål.
Ønskjer du kurs om nynorsk som sidemål på 1.–4. trinn, lagar vi eit kursopplegg med litt av kvart: nynorsk barnelitteratur, digitale ressursar på nynorsk og utforskande skriving på nynorsk.
Kvart kurs kan vere på to eller fire timar, men dei ulike kursa kan også setjast saman til halvdags- eller dagskurs. Ta kontakt for pristilbod. Nynorsksenteret skreddarsyr gjerne ein kurspakke som passar dykk.
Kontaktpersonar:
Nettkurs: Nynorske bøker for 1.–4. trinn
Her finn du presentasjon av nynorsk barnelitteratur for 1.–4. trinn, både til å lese sjølv og til høgtlesing. Filmen varer i 17 minutt og kan visast i fellesmøtetida, i mindre lærargrupper eller åleine.
Lese- og lyttelyst
Elevar får leseopplevingar og erfaringar med grammatiske strukturar og sjangrar når dei les og blir lesne for. Når elevane på 1.–4. trinn skal lære å lese sjølve, er det også viktig å halde fram med å lese høgt for dei og på den måten både modellere høgtlesing og leggje til rette for varierte teksterfaringar. Elevar med nynorsk som hovudmål treng særleg å bli lesne for, og lese, på nynorsk, for å bli gode i skriftspråket sitt.
Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:
- Høgtlesing, motivasjon og leselyst
- Presentasjon av nynorsk barnelitteratur
- Biblioteksamarbeid
- Bøker på storskjerm
- Nynorske songar, rim og regler
- Å leike seg til lesing
- Bok på 1-2-3, bruk og inspirasjon
Skriving med dei yngste
Det er eit mål at elevane i løpet av dei fire første skuleåra mellom anna skal skrive enkle tekstar der dei skildrar, fortel og argumenterer og brukar språket på kreative måtar (LK20). Dette kurset gjev ei innføring i korleis du som lærar kan leggje til rette for variert skriving på 1.–4. trinn.
Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:
- Modelltekstar og skriverammer
- Samansette tekstar, teikneseriar
- Rettleiing av tekst
- Skriving i alle fag
- Å leike seg til skriving
- Balansert skriveopplæring – digitalt og analogt