Nettkurs

Desse filmane kan godt visast på personal- eller lærarmøte, eller du kan sjå dei åleine.

Nynorske bøker for dei minste

Her finn du presentasjon av nynorsk barnelitteratur som passar godt for born i barnehagealder. Filmen varer i 17 minutt og kan til dømes visast i fellesmøtetida i barnehagen.

Nynorsk språkstimulering

I denne presentasjonen på 10 minutt går Anne Marta Vinsrygg Vadstein gjennom åtte punkt for ei nynorsk språkstimulering i barnehagen.

Nynorske bøker for 1.–4. trinn

Her finn du presentasjon av nynorsk barnelitteratur for 1.–4. trinn, både til å lese sjølv og til høgtlesing. Filmen varer i 17 minutt og kan visast i fellesmøtetida, i mindre lærargrupper eller åleine.

Nettkurs i nynorsk

Desse nynorskkursa for vaksne ligg ute til gratis bruk.

Nynorskkurs LNK
Nynorskkurs for lærarar

LNK har laga eit ope, digitalt nynorskkurs for lærarar, utvikla av Jan Olav Fretland. Kurset er sett saman av fleire videoar og oppgåver som deltakarane får løyse digitalt.

Kristin Fridtun
Nynorsk med Kristin

NTNU har laga ein serie med videoførelesingar der Kristin Fridtun gjev ei innføring i nynorsk grammatikk, ordtilfang og målføring.