Kurs for 5.–7. trinn

Kurstilboda for lærarar på 5.–7. trinn byggjer på læreplanmåla i LK20. Kurshaldarane frå Nynorsksenteret legg vekt på å presentere faglitteratur og nyare forsking om lese- og skriveopplæring – i eit didaktisk perspektiv.

Kurs for lærarar som underviser elevar med nynorsk som hovudmål

Kurs for lærarar som underviser elevar med nynorsk som sidemål

Elevar med bokmål som hovudmål skal bli lesne for på nynorsk allereie dei to første skuleåra. Deretter er det ein jamn progresjon der dei skal få lese sjølv på nynorsk, og så utforske forskjellar og likskapar mellom nynorsk og bokmål på 4. trinn. På 5.–7. trinn skal elevane mellom anna prøve ut skriving av tekstar på sidemålet, lese og samtale om språk og identitet (LK20).

Gjennom prosjektet «Tidleg start med nynorsk på mellomtrinnet» har Nynorsksenteret, i samarbeid med skular over store delar av landet, prøvd ut nynorskopplæring med bokmålselevar. Dei gode erfaringane derifrå viser at elevane stiller godt rusta til ungdomsskulen, både når det kjem til kunnskap og haldningar. Kurspakkane byggjer på desse erfaringane.