Utforsk skriving på sidemålet

Elevar som får prøve seg fram med skriving på nynorsk som sidemål på ein utforskande måte, får ein god start på språklæringa. Nynorsksenteret har samarbeidd med skular fleire stader i landet over fleire år. Vi formidlar gjerne dei gode erfaringane frå «Tidleg start»-prosjektet om korleis ein kan arbeide med nynorsk som sidemål på barneskulen.

Kurset gjev ei innføring i ein mogleg progresjon i nynorskopplæringa og korleis ein kan prøve ut skriving på nynorsk.

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Pris etter avtale.

Moglege emne er:

  • Skriverammer og modelltekstar
  • Skriving i bobler – teikneseriar
  • Nynorske nettressursar – framtidajunior.no
  • Erfaringar frå «Tidleg start med nynorsk som sidemål»-prosjekta
  • Korleis nå måla i læreplanen?

Omfang

  • Totimarskurs/førelesing
  • Firetimarskurs
  • Kurset kan gå inn som ein del av eit halvdags- eller heildagskurs

Kontaktpersonar