Lese- og lyttelyst

Når elevane går ut av barneskulen, skal dei mellom anna ha lese eit breitt utval tekstar på bokmål og nynorsk og reflektert over innhald og form. Dei skal også kunne bruke lesestrategiar tilpassa føremålet med lesinga. Elevar med nynorsk som hovudmål treng å bli kjende med den nynorske barnelitteraturen og å lese nynorske bøker for sjølve å verte trygge på skriftspråket sitt. 

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:

  • Høgtlesing, motivasjon og leselyst
  • Bok i bruk
  • Presentasjon av nynorsk barnelitteratur
  • Biblioteksamarbeid
  • Bøker på storskjerm
  • Nynorske songar

Omfang

  • Totimarskurs/førelesing
  • Firetimarskurs
  • Kurset kan gå inn som ein del av eit halvdags- eller heildagskurs

Kontaktpersonar