Språket mitt

Dette kurset tek sikte på å gje lærarar ein røff guide til korleis ein kan jobbe med språk og identitet i klasserommet. Variasjon og mangfald er ein ressurs, og ved å løfte fram breidda utviklar elevane sin eigen språklege identitet. Dette kurset legg vekt på samtale som arbeidsform, og å bruke skriverammer for å skrive sin eigen språkbiografi.  

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:

  • Å samtale om dialekt, skriftspråk
  • Identitet
  • Mangfald og variasjon
  • Å lage sin eigen språkbiografi

Omfang

  • Totimarskurs/førelesing
  • Kurset kan gå inn som ein del av eit halvdags- eller heildagskurs

Kontaktpersonar