Lesing og skriving på nynorsk – god kompetanse og trygg språkidentitet

Når elevane går ut av barneskulen, skal dei mellom anna ha lese eit breitt utval tekstar og kunne reflektere over innhald og form. Dei skal få leike med språket og prøve ut ulike verkemiddel og framstillingsmåtar. Dei skal skrive tekstar med tydeleg struktur og meistre sentrale skrivereglar, og dei skal skildre, fortelje og argumentere (LK20).

Dette kurset viser døme på nynorske modelltekstar og skriverammer i fleire fag, samansette tekstar og korleis ein kan bruke nynorsk nettavis som utgangspunkt for skriving på 5.–7. trinn.

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:

  • Fagskriving
  • Skriverammer og modelltekstar
  • Framtidajunior.no ­– nettavis som utgangspunkt for lesing og skriving
  • Arbeid med samansette tekstar

Omfang

  • Totimarskurs/førelesing
  • Firetimarskurs
  • Kurset kan gå inn som ein del av eit halvdags- eller heildagskurs

Kontaktpersonar