Lærebok eller læringsressursar på nynorsk i eit anna fag enn norsk

For å lære eit språk må ein bli eksponert for det. Å bruke nynorsk som opplæringsspråk i eit anna fag enn norsk har vist seg som ein svært gunstig måte å lære nynorsk på. Dette har blitt prøvd ut både på ungdomstrinnet og på 5.–7. trinn, og Nynorsksenteret vil gjerne dele erfaringane frå desse utprøvingane i dette kurset.

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:

  • Korleis kome i gang?
  • Erfaringar frå andre skular
  • Mål og gjennomføring

Omfang

  • Totimarskurs/førelesing
  • Kurset kan gå inn som ein del av eit halvdags- eller heildagskurs

Kontaktpersonar