Bobler i bruk – arbeid med nynorske teikneseriar

Korleis kan du ta i bruk teikneseriar i klasserommet? Kvar finn du dei gode, nynorske teikneseriane? Korleis kan teikneseriar nyttast som innfallsvinkel til arbeidet med samansette tekstar?

Elevane skal mellom anna kunne bruke ulike estetiske uttrykksformer i samansette tekstar. Å lese og skrive teikneseriar er ein fin måte å arbeide med samansette tekstar på. Illustrasjonane og den skriftlege teksten utfyller kvarandre, og dette stiller andre krav til slike tekstar enn til andre sjangrar. Dette kurset viser korleis du kan jobbe med nynorske teikneseriar i klasserommet. Du får også ei innføring i nynorske teikneseriar de kan bruke som modelltekstar.

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:

  • Nynorske teikneseriar
  • Innføring i teikneseriemediet – verkemiddel, særpreg og sjangrar
  • Elevane lagar teikneseriar sjølve
  • Arbeid med samansette tekstar

Ta kontakt, så set vi saman ein kurspakke som passar dykk. Pris etter avtale.

Omfang:

  • Totimarskurs/førelesing
  • Halvdagskurs
  • Kurset kan gå inn som ein del av eit halvdags- eller heildagskurs, og også vere ein del av ein kompetansehevingspakke over fleire kursdagar.

Kontaktperson: Arild Torvund Olsen