Kreativ skriving

Ein kreativ tekst er ikkje ein teksttype eller sjanger, men ein skrivemåte og eit samleomgrep som femner om både forteljande, reflekterande og underhaldande tekstar. Den som skriv, skal vise kreativitet og originalitet, både når det gjeld innhald og form. I kompetansemåla frå 10. trinn til Vg3 står det at elevane skal skrive kreative tekstar, og at desse oppgåvene er meir opne for individuelle løysingar enn dei tidlegare essay-, novelle- og kåserioppgåvene.

Kreativ skriving kan lærast, ein kan øve seg i å skrive kreative tekstar, og det gjer t.d. at elevane må leite etter nyansar i sitt eige språk. Det kan vere lettare om den kreative skrivinga har eit formål og ein mottakar. Når elevane skriv slike tekstar, skal dei også vise fram den norskfaglege kompetansen dei har.

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dokker. Moglege emne er:

  • Skriverammer og ordbank
  • Samskriving og rundskriving
  • Tips og undervisningsopplegg
  • Korleis skrive ulike mikrotekstar
  • Lage e-bok
  • Vurdering av kreative tekstar

Ta kontakt, så set vi saman ein kurspakke som passar dokker. Pris etter avtale.

Omfang:

  • Totimarskurs/førelesing
  • Halvdagskurs
  • Heildagskurs
  • Kurset kan gå inn som ein del av eit halvdags- eller heildagskurs, og også vere ein del av ein kompetansehevingspakke over fleire kursdagar.

Kontakt: post@nynorsksenteret.no