Lærebok/læringsressursar på nynorsk i eit anna fag enn norsk

For å lære eit språk må ein bli eksponert for det. Å bruke nynorsk som opplæringsspråk i eit anna fag enn norsk har vist seg som ein svært gunstig måte å lære nynorsk på for dei elevane som har nynorsk som sidemål. Denne framgangsmåten har blitt prøvd ut både i vidaregåande opplæring, på ungdomstrinnet og på 5.–7. trinn. Å bruke nynorsk som bruksspråk i klasserommet gir også gode resultat. Nynorsksenteret vil gjerne dele dei gode erfaringane andre skular har hatt med å arbeide med nynorsk på denne måten.

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:

  • Korleis kome i gang?
  • Erfaringar frå andre skular
  • Språkdusj – nynorsk som bruksspråk i klasserommet
  • Mål og gjennomføring

Ta kontakt, så set vi saman ein kurspakke som passar dykk. Pris etter avtale.

Omfang:

  • Totimarskurs/førelesing
  • Halvdagskurs
  • Kurset kan gå inn som ein del av eit halvdags- eller heildagskurs, og også vere ein del av ein kompetansehevingspakke over fleire kursdagar.