Leselyst – nynorsk ungdomslitteratur

Elevar med nynorsk som hovudmål treng å få oppleve og bli kjende med den nynorske ungdomslitteraturen. Dei må lese mykje sjølve, og læraren må derfor ha god oversikt over kva litteratur som finst. Slik kan han/ho hjelpe elevane med å finne ei bok som passar. Det finst mange gode måtar å arbeide med litteratur i klasserommet på.

Kompetansemåla seier at elevane mellom anna skal lese og analysere eit breitt utval tekstar i ulike sjangrar og medium på bokmål og nynorsk, og dei skal ha lese eit utval samtidstekstar. På Nynorsksenteret har vi mange tips til både korte tekstar og romanar som kan fungere godt i klasserommet. Vi presenterer den nye ungdomslitteraturen, og kan også vise fram nokre nye måtar å jobbe med eldre litteratur på.

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dokker. Moglege emne er:

  • Lesing, motivasjon og leselyst
  • Lesetips. Presentasjon av nynorsk ungdomslitteratur
  • Tips og undervisningsopplegg
  • Biblioteksamarbeid
  • Nynorsk musikk og spelelister

Ta kontakt, så set vi saman ein kurspakke som passar dokker. Pris etter avtale.

Omfang

  • Totimarskurs/førelesing
  • Halvdagskurs
  • Heildagskurs
  • Kurset kan gå inn som ein del av eit halvdags- eller heildagskurs, og også vere ein del av ein kompetansehevingspakke over fleire kursdagar

Kontakt: post@nynorsksenteret.no