Lesing og skriving når nynorsk er sidemål

Det er ein klar fordel at elevane som har nynorsk som sidemål, får eksperimentere og prøve seg fram med skriving på nynorsk. Uformelle skrivesituasjonar, å skrive kort og ofte, å skrive tekstar som ikkje skal vurderast, å gje rom for å prøve seg fram, og komparativ språkstimulering – korleis skriv vi dette på bokmål, korleis skriv vi det på nynorsk, kva er likt og kva er ulikt, er alle arbeidsmåtar som kan gje elevane auka motivasjon til å skrive, til å gje dei eit positivt syn på nynorsk, og til å gjere dei merksame på at dei allereie kan mykje nynorsk. Kurset gjev ei innføring i ein mogleg progresjon i nynorskopplæringa og korleis ein kan eksperimentere med skriving på nynorsk.

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:

  • Tidleg og god start med nynorsk på ungdomstrinnet
  • Språkdusj – nynorsk som bruksspråk i klasserommet
  • Kreativ skriving
  • Å bruke fleire kjelder om same tema
  • Bobler i bruk – nynorske teikneseriar
  • Skriverammer og modelltekstar
  • Nynorske nettressursar – Framtida.no

Ta kontakt, så set vi saman ein kurspakke som passar dykk. Pris etter avtale.

Omfang:

  • Totimarskurs/førelesing
  • Halvdagskurs
  • Heildagskurs
  • Kurset kan gå inn som ein del av eit halvdags- eller heildagskurs, og også vere ein del av ein kompetansehevingspakke over fleire kursdagar.

Kontakt: post@nynorsksenteret.no