Lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter – i alle fag

Lesing og skriving heng nøye saman. Det er viktig å arbeide grundig og godt med dei grunnleggande ferdigheitene lesing og skriving i alle fag for at elevane sjølv skal bli trygge fagskrivarar. Dei skal planlegge, utforme og bearbeide eigne tekstar manuelt og digitalt, og vurdere dei undervegs i prosessen ved hjelp av kunnskap om språk og tekst. Elevane skal også skrive eigne argumenterande tekstar på hovudmål og sidemål, dei skal kunne gjere greie for argumentasjonen i andre sine tekstar, dei skal skrive kreative tekstar på hovudmål og sidemål, og dei skal innhente, vurdere og bruke fagstoff frå digitale kjelder i arbeidet med eigne tekstar.

I dei ulike delane av dette kurset viser vi døme på korleis ein kan arbeide med fagskriving, kreativ skriving, bruk av nynorske modelltekstar og skriverammer i fleire fag, å arbeide med fleire kjelder om same tema, samansette tekstar og korleis ein kan bruke nynorsk nettavis som utgangspunkt for skriving.

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:

  • Fagskriving
  • Kreativ skriving
  • Skriverammer og modelltekstar
  • Arbeid med samansette tekstar
  • Å bruke fleire kjelder om same tema
  • Det nynorske tekstmangfaldet. Kvar finn ein aktuelle tekstar i ulike sjangrar og korleis arbeide med dei?
  • Framtida.no – nettavis som utgangspunkt for lesing og skriving

Ta kontakt, så set vi saman ein kurspakke som passar dykk. Pris etter avtale.

Omfang:

  • Totimarskurs/førelesing
  • Halvdagskurs
  • Heildagskurs
  • Kurset kan gå inn som ein del av eit halvdags- eller heildagskurs, og også vere ein del av ein kompetansehevingspakke over fleire kursdagar.