Vurdering, retting og rettleiing

I dette kurset ønskjer vi å gje lærarane hjelp til korleis ein kan vurdere elevtekstar for nynorskelevane undervegs medan dei jobbar med tekstar. Elevar med nynorsk som hovudmål les kanskje lite nynorsk utanom skulen? Dette vil påverke tekstane til elevane når dei skal skrive nynorsk. Elevane brukar ofte ord og bøyingsmåtar frå bokmål, og strukturen i setningane samsvarar ofte meir med stilidealet frå bokmål enn frå nynorsk.

Det nynorske språket skil seg frå bokmål, både i språkstruktur, ordforråd, skrivemåte og bøyingsform. Gjennom selektiv, formativ vurdering kan elevane bli meir medvitne om kva dei treng å jobbe med og kva som er god nynorsk språkføring når dei skriv. I kurset vil vi også vise til gode, digitale sluttføringstips og korleis ein kan bruke ulike digitale ordlister.

Om de ønskjer det, kan vi også vise og demonstrere bruk av ulike ressursar og øvingsrom på internett som kan vere til hjelp både for lærarar og elevar som ønskjer å skrive betre nynorsk.

I dette kurset tek vi opp nokre måtar å arbeide med undervegsvurdering på og nokre utfordringar knytte til vurdering av nynorske elevtekstar.

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:

  • Påverknad frå bokmål
  • Strategiar for retting og rettleiing – kva skal ein vurdere?
  • Selektiv respons
  • Medelevsrespons
  • Digitale sluttføringstips
  • Bruk av digitale ordlister

Ta kontakt, så set vi saman ein kurspakke som passar dykk. Pris etter avtale.

Omfang:

  • Totimarskurs/førelesing
  • Halvdagskurs
  • Heildagskurs
  • Kurset kan gå inn som ein del av eit halvdags- eller heildagskurs, og også vere ein del av ein kompetansehevingspakke over fleire kursdagar.