• Blogg
  • 100-lista er ei gåvepakke til alle som les i motvind

100-lista er ei gåvepakke til alle som les i motvind

15.03.2021

Eva Rekve Foto Elisabeth Wathne Moment studio

100-lista gjer vegen frå lesar til riktig bok både kortare og enklare. Dette er eit godt verktøy for lærarar og skulebibliotekarar som treng hjelp til å finne bøker som kan leie elevar inn i den gode lesespiralen, skriv Eva Rekve i Leser søker bok.

Tekst: Eva Rekve, rådgivar i Leser søker bok
Foto: Elisabeth Wathne, Moment studio

Tause, mørke og bitre menn. Gutar som hamnar i slåstkamp med eit sinne som nesten er umogeleg å kontrollere. Nakenbilete på avvegar. Mødrer som slår. Sinte damer med paraplyar, som meiner du ikkje har rett til å gå med bunad på 17. mai.

Visste du at kvar femte elev i den norske skulen har problem med å lese? At ein av tre vaksne slit med å lese ein vanleg tekst? Det er med andre ord heilt normalt å tenke at lesing er vanskeleg! 100-lista gjer vegen frå lesar til riktig bok både kortare og enklare. Dette er eit godt verktøy for lærarar og skulebibliotekarar som treng hjelp til å finne bøker som kan leie elevar inn i den gode lesespiralen. Ein blir ikkje glad i å lese bøker om dei bøkene ein blir presentert for, er for vanskelege, for kjedelege eller for barnslege.

100-lista

100-lista er ei liste over dei hundre beste bøkene frå Boksøk dei tre siste åra. Bøkene du finn på 100-lista, er varierte. Her finn du bøker for lesarar i alle aldrar og i alle sjangrar. Faktabøker, skjønnlitteratur, teikneseriar og biletbøker. Felles for alle bøkene er at dei er lesarvenlege og har høg litterær kvalitet. Språket er godt. Forteljingane engasjerer og trekker lesaren med seg inn i handlinga. Skrifttypen er tydeleg og god å lese for auga, oppsettet er ryddig med luft mellom linjene. Mange av bøkene er illustrerte. Og bøkene er som regel tynne.

Årets 100-liste blir lansert torsdag 18. mars på eit digitalt arrangement som blir strøymt direkte.

Lista blir også tilgjengeleg på Leser søker bok si heimeside i pdf-format. Eller du kan du spørje etter ho på det lokale folkebiblioteket ditt.

På lista finn du bøker som er utgjevne med støtte frå Leser søker bok. I tillegg er det fleire bøker skrivne av forfattarar som i utgangspunktet ikkje hadde tenkt å skrive tilrettelagt, men som naturleg skriv inkluderande bøker. Her finn du blant anna Peter F. Strassegger, Ruth Lillegraven, Camara Lundestad Joof og Tore Renberg.

Mystiske jenter

Spenningsserien Grøss og Gru for ungdomstrinnet har vore ein suksess i fleire år. Mange av bøkene i serien finn du på årets 100-liste. Dei totalt sju bøkene i serien har alle ei avsluttande historie, så her kan du byrje med kva bok du vil. Dei to ferskaste i serien er Selma Lønning Aarø sin roman Bergtatt og Eg har venta på deg av Atle Hansen. I begge bøkene møter me mystiske jenter. Gutane blir åtvara mot desse fascinerande jentene, men dei klarar ikkje å halde seg unna.

Serien er full av huldrer, åtvarande stemmer, jenter med magiske auge, overnaturlege fenomen og mykje god overtru. Men bøkene har også kvardagslege og gjenkjennelege element som forelsking, venskap og om å finne seg sjølv. Lesarane blir dregne rett inn i handlinga, her er det er spenning frå fyrste side. Setningane er korte, dialogane kjappe og lesedrivet er forrykande. Dette er rett og slett bøker som er vanskelege å legge frå seg.

Berekraftbiblioteket

Les for framtida. Bruk skjønnlitteratur og faktabøker til å forstå betre dei ulike utfordringane me har med fattigdom, sosiale skilnader og klimaendringar. Berekraftbiblioteket inneheld bøker for barn som kan hjelpe dei med å skjønne FNs 17 berekraftsmål. På 100-lista finn du blant anna Smadra av Brynjulf Jung Tjønn under mål 3, som tek for seg god helse og livskvalitet. Boka handlar om ei mor som slår dottera si. Under mål 16, som er fred, rettferd og velfungerande institusjonar, finn du Sunniva Relling Berg sin roman Polarnatt. I boka rømmer to søsken frå eit asylmottak og spring berrføtte ute i den iskalde vinternatta.

Språkkaféar

På 100-lista finn du også bøker som høver til i bruk i språkkaféar. Rundt omkring i landet blir det halde språkkaféar for menneske som er nye i landet, og som vil lære seg språket. Dette tilbodet er ofte eit samarbeid mellom folkebibliotek og frivillige. Til språkkaféar ser me spesielt etter bøker som inviterer til tolking og diskusjon. Det er viktig når tekstane skal vere utgangspunkt for dialog. Bøkene skal få lesaren til å tenke, analysere og assosiere, utan at tekstane avgrensar lesaren til riktige eller feil svar. Eit døme er boka til Camara Lundestad Joof, Eg snakkar om det heile tida

Kva er Boksøk?

Boksøk er ei kvalitetssikra søketeneste med bøker som på ulike måtar høver alle som les i motvind. Her finn du bøker for barn, ungdom og vaksne, både skjønnlitteratur, faktabøker og teikneseriar. Leser søker bok les og vurderer det meste som blir gitt ut på den norske bokmarknaden. Dei bøkene som fyller kriteria vi bruker for kva som er bra for lesarar med ulike leseutfordringar, får plass i Boksøk.

Kva er Leser søker bok?

Målet til Leser søker bok er eit reelt, kulturelt demokrati. Alle, uansett leseevne, skal få tilgang på gode skjønnlitterære bøker. Menneske har ulik leseevne, derfor treng vi bøker som er tilpassa ulike type lesarar. Leser søker bok jobbar for at det skal finnast fleire bøker for alle lesarar, og at bøkene skal vere lette å få tak i.