• Blogg
  • Ainas elevdiktunivers gir nynorsk skriveglede!

Ainas elevdiktunivers gir nynorsk skriveglede!

12.09.2022

Elevdiktunivers1 hovudbilete til nettside

Skriveglede på nynorsk

Aina Salberg har funne ein nøkkel til nynorsk skrivemotivasjon hjå elevane sine. Kvar veke gir ho elevane eit utval skrivestartarar som elevane får skrive vidare på, og resultatet er meir motiverte elevar og betre skrivekompetanse i nynorsk. På Instagram har ho oppretta kontoen Ainas elevdiktunivers, der ho publiserer elevarbeida.

Tekst: Jorid Saure

Aina arbeider som lærar ved Mysen vidaregåande skule og underviser i faga norsk og religion og etikk. Ho har lang yrkeserfaring frå både grunnskulen og den vidaregåande skulen, og nemner gleda ved å undervise fag som ein av grunnane til at ho likar yrket sitt så godt. Som norsklærar har ho ofte lurt på korleis ho skal klare å halde nynorskkompetansen til elevane varm gjennom skuleåret. Mysen vidaregåande er ein stor og mangfaldig skule med omkring 900 elevar som alle har bokmål som hovudmål. Å få elevane til å skrive nynorsk ofte er ei viktig målsetting for henne.

– Ein ting er å øve på grammatikk og reglar, men eg er oppteken av at elevane skal få oppleve skriveglede på nynorsk, fortel Aina.

Eit nynorsk tekstunivers vert til

Ein av grunnane til at Aina valde å opprette ein instagramkonto der ho publiserer elevtekstane, var at ho ønskte å skape noko saman med klassa si.

– Fyrst tenkte eg på å lage ei diktbok, men så vart eg tipsa av ein kollega om å opprette ein instagramkonto, fortel Aina.

Under arbeidet med masteroppgåva i KRLE om tekstane til Trygve Skaug, vart ho kjend med omgrepet tekstunivers. Måten Skaug brukte Instagram i tekstformidlinga si, påverka henne til å opprette sin eigen konto.

– Elevane fekk vere med på avgjersla og tende på idéen, og slik vart Ainas tekstunivers til.

Merete Henden, norsklærar, skrivebokforfattar og dama bak instagramkontoen Skrivelæreren, har vore med på å inspirere Aina til å bruke skrivestartarar aktivt i norskundervisinga si. Kvar veke har Aina gitt elevane eit utval med skrivestartarar med eit spørsmål og gjerne nokre emneknaggar. Elevane har fått velje seg ut to eller tre skrivestartarar som dei har ønskt å skrive vidare på.

– Det varierte litt kor mykje kvar elev skreiv kvar veke, men alle skreiv noko og mange skreiv mykje, fortel Aina.

Etter å ha levert inn fyrsteutkastet av tekstane sine har elevane fått ei kort skriftleg tilbakemelding frå Aina, slik at dei har hatt moglegheit til å revidere tekstane og forbetre dei undervegs i skrivinga. Denne forma for prosessorientert skriving ser Aina på som læringsfremjande for elevane. Korte tekstar er lette å lese gjennom, og denne måten å arbeide på gir elevane hyppige tilbakemeldingar frå lærar. Dei skriftlege tilbakemeldingane brukar elevane når dei også skal skrive lengre tekstar. Aina trur difor at denne skrivemetodikken er tenleg for både elevar og lærarar.

Øving gjer meister

Aina ønskjer at instagramkontoen ho har oppretta, skal vere er eit tekstunivers med ulike tekstar med forskjellige kvalitetar. Elevane har tradisjonelt skrive mykje for læraren, men Aina har trua på at det å få tekstane ut av klasserommet og læraren sin pult kan fremje skrivemotivasjonen til elevane. Ho opplever at det ligg mykje læring i å la elevane skrive ofte på nynorsk, og at dei på sikt blir betre nynorskskrivarar av å arbeide på denne måten.

– Utover i skuleåret merka eg at det skjedde noko med nynorsken til elevane, med språket og motivasjonen til å skrive, fortel ho.

– Det er ikkje alltid det er like lett å motivere elevane til å skrive nynorsk, men då me fekk innarbeidd bruken av skrivestartarar kvar veke, forsvann også motstanden mot å skrive nynorsk.

Eit romsleg lyrisk univers

Mange av tekstane på instagramkontoen Ainas elevdiktunivers er lyriske korttekstar, og Aina har hatt stor glede av å arbeide med dei lyriske sjangrane. Fleire av elevane les lyriske tekstar på nett og sosiale medium, og det er ein fordel. Aina er opptatt av å gjere diktsjangeren romsleg og at han skal appellere til elevane.

– Difor er det eit mål å finne lyriske tekstar, rappar, songar og dikt som elevane kan kjenne seg igjen i. Dei tradisjonelle lyriske tekstane har framleis plass i norskfaget, men vi må også finne dei gode, aktuelle samtidstekstane. Dikt treng verken ha enderim eller fast oppsett, det meste er lov i dag, seier ho.

Elevdiktunivers3 til nettside
Elevane til Aina har fått stille tekstane sine ut i glas og ramme. Å utsmykke fellesareal med elevtekstar kan vere ein god måte å løfte fram arbeidet til elevane på.

Løft fram elevtekstane

I tillegg til å opprette instagramkontoen, har elevane til Aina fått stille tekstane sine ut i glas og ramme. Å utsmykke fellesareal med elevtekstar kan vere ein god måte å løfte fram arbeidet til elevane på. Aina fortel at ho er opptatt av å arbeide med nynorsk på ein motiverande måte, og at ho opplever at bruken av skrivestartarane har gjort noko med skrivegleda til elevane, men også med forholdet dei har til nynorsk.

– Nynorsk treng ikkje vere så vanskeleg. Fleire elevar har sagt til meg at dei synest at dei har blitt flinkare til å skrive nynorsk. Det er eit mål at ein kan fremje skrivekompetansen til elevane på ein motiverande måte gjennom å skrive ofte, avsluttar Aina.

Tips til andre norsklærarar som kan fremje nynorsk skrivemotivasjon

  • Gi elevane eit utval av skrivestartarar på nynorsk kvar veke, og la dei velje seg ut minst to som dei skriv vidare på.
  • Gi elevane hyppige og korte tilbakemeldingar på innhaldet og språket i tekstane.
  • Ver ein skrivande lærar, og ver ikkje redd for å vise fram det du sjølv skriv.
  • La elevane lese tekstane til kvarandre og snakke om dei.
  • Skap noko saman med klassa og vis fram elevtekstane, anten gjennom å opprette ein eigen instagramkonto og/eller ved å stille ut elevarbeida fysisk.

Her finn du tips til skrivestartarar som du kan bruke i nynorskundervisinga.

Sjå også Merete Henden si bok: Skriv for livet!