Fire nye opplegg i Bok på 1-2-3
28.10.2024
Endeleg er fire nye undervisningsressursar i satsinga Bok på 1-2-3 her! Vi tek utgangspunkt i både ny litteratur og klassikarar, og formålet er at ressursane skal bidra til heilskapleg og oppdatert undervisning for tida vi lever i. Med Bok på 1-2-3 kan de erfare at alt kjekt i undervisninga kan vi gjere på nynorsk!
Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Foto: Ingvild Myklebust Hovden
1.–4. trinnet
Gjermund Gjerdesmett av Lisbeth Dreyer og Per Ragnar Møkleby
Grashoppa og moldvarpen av Janosch
5.–7. trinnet
På fire bein. Den vegen? av Berenika Kołomycka
Frosken og den framande av Max Velthuijs
Undervisisngsopplegg til gode, nynorske bøker
Bok på 1-2-3 er undervisingsopplegg til gode, nynorske bøker. Opplegga er prega av kvalitet, leik, undring og læreglede, og er utforma slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet.
For at det skal vere ekstra lett å ta opplegga i bruk, ligg mange av bøkene ein periode ute til gratis strøyming. Fysiske bøker kan ein bestille som klassesett eller i eitt eksemplar gjennom biblioteket der du bur.
Leik og praktisk læring
Bok på 1-2-3 inneheld leikne og systematiske arbeidsmåtar som fremjar motivasjon og lærelyst for norskfaget og tverrfagleg for 1.–7. trinnet. Opplegga er konkrete og spelar læringa, leiken, eleven og fellesskapet gode. Opplegga gir ei teoretisk ramme for deg som er lærar, og viser varierte arbeidsmåtar. Dei ulike formene for praktisk, estetisk og leikbasert læring støttar opp om læringsmål og danningsmål.
Visste du at i dag lærer elevar hovudmål frå 1. trinnet og sidemål frå 2. trinnet i opplæringa? Norskfaget er praktisk og estetisk. Det er i alle fag, og det er hovudmål og sidemål likestilt. Nynorskdidaktikk gir demokrati og medborgarskap, og det er også sjølvsagt for dei som lærer norsk som andrespråk. Bok på 1-2-3 er med på å gi auka motivasjon for det munnlege, skriftlege og å lese. Vi lærer med heile kroppen og i samspel med kvarandre og varierte omgjevnader. Vi ønsker å legge til rette for trivsel, tryggleik og det å vere til stades i skulekvardagen. Ei heilskapleg undervisning som har helse og berekraft i tanken, ligg til grunn når vi utviklar Bok på 1-2-3. Ta ei Bok på 1-2-3 og kos dykk saman!