Bok på 1-2-3 i klasserommet
11.10.2022
Bok på 1-2-3 er ei satsing hos Nynorsksenteret der 1.–4. og 5.–7. trinnet får tverrfaglege undervisningsopplegg til gode nynorske bøker. Opplegga er prega av leik, undring og læreglede og utforma slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet. For at det skal vere ekstra lett å ta opplegga i bruk, ligg mange av bøkene ute til gratis strøyming.
Tekst: Irene Åbrekk Kalvatn og Guro Kristin Gjøsdal
Foto: Ingvild Myklebust Hovden
Fast mal
Kvart opplegg følgjer i stor grad den same malen. Det er fire hovuddelar, og alle delane har fått ei estimert tidsramme. Dette gjer at det er lett å planlegge tida ein treng for å gjennomføre opplegget. Til nokre av opplegga er det også laga tilleggsoppgåver som kan gjennomførast dersom ein ønskjer det. Dette er gjerne praktiske aktivitetar, til dømes skodespel, song, uteaktivitet, kunst og handverksrelaterte aktivitetar. Det er eit mål at alle elevane skal kjenne at dei er inkluderte i det som skjer i klasserommet. Lærarane er dei som kjenner elevane og klassen sin best, og sidan aktivitetane i Bok på 1-2-3 er varierte, kan dei også med enkle grep tilpassast elevgruppa dei skal gjennomførast i.
Gratis strøyming
For at bøkene skal vere enda meir tilgjengelege for klasserommet, ligg dei (eller utdraga) ute for gratis strøyming i ein periode. Dermed er det enkelt å få boka opp på storskjerm i klasserommet medan ein les for elevane. Det er også mogleg å låne bøkene på biblioteket dersom ein ønskjer å gjennomføre opplegget etter at perioden for gratis strøyming har gått ut, eller dersom ein vil lese heile boka og berre eit utdrag er tilgjengeleg for strøyming.
Nynorskdidaktikk
Norsk er både bokmål og nynorsk, og dei to skriftspråka er likestilte. Det er viktig at elevane kjenner seg trygge og fortrulege med både nynorsk og bokmål. Bok på 1-2-3 ønsker å vere eit bidrag til god nynorskopplæring, ferdigheiter og språkleg identitet for 1.–7. trinn. Satsinga kan medverke til merksemd om at nynorsk er eit funksjonelt og levande språk som kan brukast i alle samanhengar. Opplegga kan brukast uavhengig av kva som er hovudmålet til elevane, og dei kan også nyttast i opplæringa i nynorsk for innvandrarar.
Tverrfaglege og estetiske læreprosessar i LK20
Læreplanverket definerer fem grunnleggande ferdigheiter: lesing, skriving, rekning, munnlege ferdigheiter og digitale ferdigheiter. I LK20 er estetiske læreprosessar, det tverrfaglege og djupnelæring også vektlagde. Dette legg vi til grunn når vi utarbeider opplegga i Bok på 1-2-3. All læring er grunnleggande sett kroppsleg og subjektiv, og læringsprosessen vil vekke minne. Elevane får høve til å oppleve og gå i djupna på nyare nynorsk barnelitteratur. Ein viktig tanke er at elevane skal få både undre seg, leike, bruke kreativiteten sin, samarbeide og oppleve lærelyst.
Ulike tema
Mange av FNs berekraftsmål vert dekte av opplegga i Bok på 1-2-3. I tillegg er temaa mange og varierte. Ein kan til dømes lære om eventyr, folkedans og gamle dagar, natur, miljø og klima, den andre verdskrigen, identitet, likeverd, forelsking og vennskap. Lærar Tone Marie Aurdal nytta «Huldra Hildur» veka før klassen på 2. trinn skulle besøke eit bygdetun for å lære meir om «gamle dagar».
– Det var godt å få litt ny inspirasjon og plassere temaet slik at det passa til bygdetunveka som vi hadde veka etterpå, seier Tone Marie Aurdal.
– Elevane syntest det var veldig kjekt, og dei lærte mykje nytt, fortel ho vidare.
Samarbeid med forfattarar og illustratørar
Bok på 1-2-3 tek utgangspunkt i gode nynorske barnebøker, og Nynorsksenteret samarbeider med kjende forfattarar og illustratørar om dette. Maria Parr, Erna Osland, Ruth Lillegraven, Odd Nordstoga og Kari Stai er nokre av namna bak bøkene opplegga har teke utgangspunkt i. Hausten 2022 vil det vere 35 undervisningsopplegg i satsinga. Dei nyaste har gratis strøyming.
Spørsmål om satsinga kan rettast til Guro Kristin Gjøsdal guro@nynorsksenteret.no.
Kjelder:
- LK20
- https://nynorsksenteret.no/blogg/bok-pa-1-2-3-varen-2022
- Østern, Tone Pernille, Bjerke, Øyvind, Engelsrud, Gunn og Sorum, Anne Grut (red.) (2021): Kroppslig læring. Perspektiver og praksiser. Universitetsforlaget, Oslo.
- https://www.udir.no/laring-og-trivsel/nynorsk/