• Blogg
  • Bok på 1-2-3 våren 2022

Bok på 1-2-3 våren 2022

11.02.2022

IMG 1675 redigert til nettside

No har vi publisert fire nye opplegg i Bok på 1-2-3 for 1.–7. trinnet. Opplegga viser engasjerande måtar å ta i bruk gode nynorske bøker i klasserommet.

Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Bok på 1-2-3 er tverrfaglege undervisningsopplegg til gode, nynorske bøker. Opplegga er prega av leik, undring og læreglede og er utforma slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet. For at det skal vere ekstra lett å ta opplegga i bruk, ligg mange av bøkene ute til gratis strøyming.

Nye bøker som er tilgjengelege for strøyming våren 2022:

Bok på 1-2-3 og LK20

Opplegga er forankra i LK20. Verdigrunnlaget i opplæringa og dei tverrfaglege temaa i LK20 ligg til grunn i utarbeidinga av ressursane, saman med formål i ulike fag. Opplegga dekkjer mange av FN sine berekraftsmål. Metoden støttar interkulturell pedagogikk og er tilpassa elevar som skal lære nynorsk som sidemål, hovudmål og andrespråk. Med Bok på 1-2-3 ønsker vi å bidra til god kompetanse i lesing og skriving på nynorsk, og gje elevane ein trygg språkidentitet.

LK20 viser at på 1.–7. trinnet skal elevane bli lesne for på sidemålet. På 3.–4. trinnet skal elevane lese sjølve og utforske forskjellar i skriving. På 4.–7. trinnet skal elevane prøve ut skriving av eigne sidemålstekstar. Det mest sentrale i satsinga er ein nynorskdidaktikk som viser at nynorsk er relevant, representativt og for alle.

Gode ferdigheiter og positiv haldning til nynorsk

I Bok på 1-2-3 får elevane arbeide utforskande og aktivt både med språk og kultur. Gode nynorske barnebøker gir moglegheit til å oppleve, bli engasjert, lære og få innsikt. Vi vil legge til rette for at elevane skal ha gode ferdigheiter og ei positiv haldningar til nynorsk når dei startar på ungdomstrinnet. Så i Bok på 1-2-3 får elevane lese og skrive nynorsk, samanlikne, arbeide tverrfagleg og samarbeide med andre elevar. Det ligg til rette for ei kjekk nynorskopplæring!

Som lærar er du ein rollemodell, og du gir elevane moglegheiter til å kjenne seg heime i det nynorske språket. Bok på 1-2-3 gir enkle rettleiingar som støttar eigen kompetanse. Vi ønsker at opplegga skal vere dynamiske, utforskande, engasjerande og legge til rette for samtalar, kunnskap og sjølvstende.

Bruk av skjønnlitteratur i skulen

Læreplanen seier at skjønnlitteratur skal brukast i undervisninga. Vi veit at dette kan bidra til leselyst og tekstkunnskap, og bruk av litteratur kan vere ein reiskap til å formulere eigne refleksjonar om litteratur. Bruk av litteratur i undervisninga er også ein innfallsport til å finne meining i tekst, då litteraturen gir rom for djupnelæring og tolkingar. Det er også ein god innfallsvinkel til danning og identitet ved å framkalle kjensler, gi forståing og innsikt. Bruk av litteratur i undervisninga er også ein veg til læreglede og livsmeistring gjennom fascinasjon, oppleving, identifikasjon og fellesskapskjensle.

Samarbeid med forfattarar, illustratørar og kunstnarar

I Bok på 1-2-3 samarbeider Nynorsksenteret med kjende forfattarar, illustratørar og kunstnarar. Her finn du namn som Odd Nordstoga, Maria Parr, Ruth Lillegraven, Erna Osland, Kari Stai og mange fleire.

Våren 2022 samarbeider vi også med den nasjonale og nynorske leseaksjonen Tid for ti. Dette vil de sjå gjennom bruken av bøkene Katten og kråka av Arild Torvund Olsen, Trine Lise Normann og Are Edvardsen, og Kampen av Geir Egil Eiksund. Eiksund og boka Kampen er også aktuell med ein produksjon i Den kulturelle skulesekken. Dei andre bøkene som vert publiserte i vår, er Huldra Hildur av Aslak Brimi og Agnetha Berg, og Polititjuven av Marianne Gretteberg Engedal.

Irene Åbrekk Kalvatn, Arild Torvund Olsen og Guro Kristin GjøsdaI ved Nynorsksenteret står bak ressursane denne våren. I satsinga er det no til saman 31 opplegg tilgjengelege, der 17 bøker har gratis strøyming. Dei andre bøkene kan ein låne på biblioteket. Har ikkje klassen og skulen din oppdaga Bok på 1-2-3 enno, vil vi varmt tilrå satsinga som ein del av nynorskopplæringa til elevane dine.