Bok på 1-2-3: Kampen

Tverrfagleg undervisningsopplegg for 5.–7. trinnet i norsk, samfunnsfag, kunst og handverk og kroppsøving. Opplegget er aktuelt innanfor verdigrunnlaget i opplæringa og FN sine berekraftsmål.

Tid: 90 minutt

I Kampen møter vi Andreas som er 11 år. Handlinga går føre seg i ei lita bygd, og det er sommarferie. Andreas gler seg til å spele fotball saman med besteveninna Sara og nokre andre frå klassa. Plutseleg dukkar det opp ein ny gut som heiter Viljar. Andreas kjenner at han blir rar og varm når Viljar er i nærleiken. Samstundes får Andreas fleire hjartemeldingar frå Sara. Gjennom nokre utfordrande sommardagar må Andreas bli kjend med seg sjølv på nytt.