Bøker som eignar seg godt til høgtlesing
07.02.2022

I eit mylder av bøker kan det av og til vere vanskeleg å vite kva bøker som eignar seg best til eigenlesing, og kva bøker som kan passe godt som høgtlesingsbøker. Mange skular har høgtlesing på dagsplanen, anten som ein del av undervisninga eller som ein del av matøkta. Vi på Nynorsksenteret har derfor laga ei lita liste med eit utval bøker som kan eigne seg til høgtlesing.
Tekst: Irene Åbrekk Kalvatn
Lista er delt inn i 1.–4.trinn, 5.–7.trinn og 8.–10 trinn. I tillegg har vi samla nokre bøker som har større spennvidde når det gjeld aldersgruppe. Her har vi valt å dele inn i 1.–7. trinn og 5.–10. trinn. Om bøkene passar godt innanfor eit spesielt fagområde/kjerneområde, står det i parentes bak boka. Enkelte bøker passar også ekstra godt å lese til spesielle dagar eller høgtider, og ei slik oversikt finn de nedst i innlegget. Vi håpar denne lista vil gjere det lettare å finne bøker som de kan bruke til høgtlesing for elevane. For fleire tips, sjekk ut:

1.–4. trinn
Fiskebolleboks-raketten (livsmeistring)
Bøkene om Klodeklubben (fire stykk)
Huldra Hildur (musikk)
5.–7. trinn
8.–10. trinn

Bøker som passar for fleire aldersgrupper:
1.–7. trinn
Fugleguten (Frå 2. klasse. Livsmeistring)
Jakta på firkløveren (Livsmeistring)
Som ein bror
5.–10. trinn
Ein bror i verdsrommet (Livsmeistring)
Tusenfryd. Noveller (Livsmeistring)
Til spesielle dagar / høgtider:
1.–4.trinn:
Sennepsfrø: Natt til idrettsdag (om å grue seg til idrettsdag)
Jul på Bukken Hotell (24 kapittel, jul)
5.–7.trinn:
God dag, herr jul (24 kapittel, jul)
FN-dagen:
Ei bok som passar spesielt godt til høgtlesing i samband med denne dagen, er «Samir og den lange reisa». Den passar frå 1. til 7. trinn
Halloween: Frå Labolina til Svarte-Mathilda
Jul: Bøker som passar til advent og jul