Danseinstruksjonar til songen «Kom som du er»
28.04.2023

Framme frå venstre: Thomas Zidko (9), Vilhelm Storebø (9), Camilla Seljelund Sætre (9) og Tora Øye Hjellbrekke (10). Bak frå venstre: Sigrid Brekke Vestøl (10), Ragne Hovdenakk Skjerdal (10), instruktør Ingvild Aasen Grimstad, instruktør Heidi Margrethe Kile-Ottesen, Siobhán van Bemmel (9) og Elias Flåskjer Brautaset (10). (Foto: Ingvild Myklebust Hovden)
Har elevane lyst til å lære dansen til vennskapssongen «Kom som du er?»
Instruktørar og danseelevar ved Volda og Ørsta ballettskule viser deg dansen steg for steg.

– Songen handlar om vennskap, seier danseelevane i kor.
No gler dei seg til å lære dansen til «Kom som du er» vidare til andre barn og unge over heile landet.
– Songen handlar også om at du må vere deg sjølv, seier ei av jentene.
– At vi passar på kvarandre og er trygge på kvarandre, legg ein av dei unge dansarane til.
Ny song på nynorsk
«Kom som du er» er komponert av Synne Vorkinn i samarbeid med Bjørn Helge Gammelsæter på oppdrag frå Nynorsk kultursentrum, i samarbeid med Nynorsksenteret. Line Dybedal har sunge inn songen i studio.
– Endeleg har vi fått ein venskapssong også på nynorsk – det var på høg tid, seier formidlingsleiar i Nynorsk kultursentrum Tone Slenes. Vi håper dette blir ein song og ein dans som vil gå igjen både i venegjengar, klasser og på skuleavslutningar i sommar. Det er Nynorsk kultursentrum som står bak prosjektet i samarbeid med Nynorsksenteret.
Dansepedagog og miljøterapeut Trude Hustad Hovdenakk har laga koreografien til dansen, og barne- og ungdomsarbeidar Hilde Østhuus viser refrenget med teiknspråk.
