• Blogg
  • Song til skulestart

Song til skulestart

13.08.2023

Elevar ved Haddal skule syng Kom som du er til nettside

«Kom som du er» er ein leiken og fengjande song på nynorsk.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Arild Torvund Olsen

– Elevane treng å sjå at nynorsk ikkje berre er dei gamle klassikarane, men også eit språk for slikt som er nytt og moro, seier høgskulelektor Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.

Mange skular har teke i bruk songen og dansen etter lanseringa i april. Songen passar også fint til skulestart.

– Det er viktig at elevane møter nynorske tekstar på skulen. Og det er ekstra viktig at dei kjekke tinga ein gjer, er på nynorsk, legg han til.

Det er Nynorsk kultursentrum som står bak prosjektet i samarbeid med Nynorsksenteret. «Kom som du er» er komponert av Synne Vorkinn i samarbeid med Bjørn Helge Gammelsæter. Line Dybedal har sunge inn songen i studio.

– Endeleg har vi fått ein venskapssong også på nynorsk – det var på høg tid. Vi håper dette blir ein song og ein dans som vil gå igjen både i venegjengar, i klasser og på skular, seier formidlingsleiar i Nynorsk kultursentrum Tone Slenes.

Instruktørar og danseelevar ved Volda og Ørsta ballettskule viser dansen steg for steg slik at alle kan bli med. Dansepedagog og miljøterapeut Trude Hustad Hovdenakk har laga koreografien til dansen, og barne- og ungdomsarbeidar Hilde Østhuus viser refrenget med teiknspråk.

Få med klassa eller skulen din og øv inn songen.

Kom som du er ikon
Ressursside: Kom som du er

Her finn du songteksten, tekstvideo med songen, danseinstruksjonar, tekstvideo med instrumentalspor og tekstvideo med dempa vokal (til å syngje i lag med). I den siste versjonen har elevane hjelp til vokalen til Line Dybedal, men utan at ho overdøyver vokalen til elevane.