• Blogg
  • Den store stjerna

Den store stjerna

19.12.2019

Den Store Stjerna

Med denne teksten av forfattar Maria Parr ønskjer vi alle ei god og fredfull jul. 

30. november mista eg ned julestjerna vår. No i ettertid vel eg å sjå på det som eit stjerneskot, som kanskje kvalifiserer til eit ønske. Men der og då kjendest det dramatisk på feil måte.

Eg har eigd berre ei einaste julestjerne i heile mitt liv. Ho vart innkjøpt den første jula i framandt land. 

Eg var med barn, som dei seier i desse juletider. Men i motsetnad til namnesyster mi, ville eg ikkje forlate Nasaret, verken på esel eller i motorisert fartøy. Følgjeleg var det duka for den første jula utanfor barndomsheimen. I Volda.

Fram gjennom tidene har eg stadig måtta vere Maria i julespel. Eg har ytra forsiktige ønske om å få vere engel eller gjetar, men motvillig enda opp som jomfru med stor mage nesten kvar gong. Og eg hugsar kor eg som barn vart raud og varm og ille til mote, når ein kom til «tida då ho skulle føde». Å sitte der, inntulla i laken, saman med ein Josef-kjærast var gale nok. Å i tillegg skulle vite at alle som sat og såg på, tenkte at ein skulle gjere noko så unemneleg som å føde – det var uuthaldeleg. Eg begynner framleis å flakke med blikket når eg tenkjer på det.

Parr
Forfattar Maria Parr (Foto: Agnete Brun)

Men denne jula i Volda, for snart sju år sidan, var det ikkje på lat. Det var på ekte. Og eg hadde kjøpt mi første julestjerne.

Ho hang i det vesle vindauget vårt heile den lange ventemånaden kalla desember. Ho hang der i urolege vakenetter, ho hang der på mørke, lange morgonar og ho hang der då vi endeleg kom heim med barnet vårt.

Den første veka fekk eg meg ikkje til å forlate det milde lyset. Det verka umogleg å skulle gå opp den mørke, kalde loftstrappa til soverommet. Det var varmare og tryggare i stova under julestjerna. Ho la eit omsorgsfullt lys over alt det nye. Eg sovna og vakna og sovna og vakna under skinet frå stjerna i vindauget. Eg såg på barnet mitt under stjerna, at ho pusta og var i orden, og eg kjende alle dei tinga ein kjenner denne første tida, den første gongen – under denne stjerna. 

Det var denne jula eg skjøna juleevangeliet. Kor skjelvande skjørt det heile er. Korleis veggane mellom tårer og avmakt og den største kjærleiken er tynnare enn glanspapir. Og kor nødvendig det er med ei julestjerne, som kan legge eit mjukt, varmt lys over det heile.

Og den siste laurdagen i november, i stresset etter å få vindauga desemberklare, mista eg ned julestjerna. Ho slokna. Eg vart lei meg først. Men no tenkjer eg på det som eit husleg stjerneskot – og då kan ein vel ønskje seg noko?

Desember er ein skjør månad. Livet rykker nærare. Dei vi har mista, manglar meir enn nokon gong. Og det vi har, kjem nærare.

Eg ønskjer meg eit varmt skin over desember, for alle – og så ønskjer eg meg ei ny julestjerne.

Denne teksten vart først publisert i Synste Møre, der Maria Parr er spaltist.