• Blogg
  • Engasjerande og lærerikt med Bok på 1-2-3

Engasjerande og lærerikt med Bok på 1-2-3

24.10.2019

Img 7787 Beskjært

Nynorsk barnelitteratur kan godt brukast i tverrfagleg undervisning. Her kan du lese om erfaringar frå ein praksisskule som har teke i bruk Bok på 1-2-3.

Tekst: Guro Kristin Gjøsdal, Nynorsksenteret
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

I samarbeid med Ivar Aasen-tunet har vi plukka ut ni barnebøker som vi vil presentere i Bokåret. Bok på 1-2-3 er undervisningsopplegg der vi viser korleis ein kan arbeide tverrfagleg med litteratur. Opplegga er enkle å ta i bruk og er prega av leik, undring og læreglede. Bøkene er tilgjengelege for strøyming i kvar sin månad eller meir, slik at lærarane kan bruke dei på storskjerm i klasserommet. Prosjektet vil halde fram i 2020. Då med auka vekt også på ungdomstrinnet. Boktipsa og undervisningsopplegga er tilgjengelege på Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet sine nettsider.

Arkimedes og brødskiva i eit klasserom

Til boka Arkimedes og brødskiva, er det laga eitt opplegg for 1.–4. trinn og eitt for 5.–7. trinn. Bøkene og delar av undervisningsopplegga kan også nyttast i ungdomsskulen. Biletbøker er ikkje berre for dei yngste elevane. Bøkene inviterer til analyse av tekst og bilete for dei eldste i grunnskulen.

Vi har fått ein praksisskule som tek i bruk undervisningsopplegga vi har utarbeidd. Dei gjev oss tilbakemeldingar og er med på evalueringa av prosjektet. Vi besøkte skulen og gjennomførte sjølve opplegga til Arkimedes og brødskiva på småtrinnet og mellomtrinnet. Skulen vi besøkte, er ein bygdeskule med todelt barnetrinn og nynorsk som hovudmål. For både små- og mellomtrinnet byrja vi med å fortelje kort om prosjektet før vi byrja å samtale om framsida på boka. Etter kvart som elevane foreslo karakterane på framsida, fortalde vi om pappaen, Evreka og katten Arkimedes. Andre spørsmål/tema i samtalen var rundt tittel og at karakterane ser så forskrekka på ei brødskive.

Img 7775
Vi las boka Arkimedes og brødskiva med lesestopp. Elevane fekk god tid til å kome med innspel.

Lesestopp

Dei neste tretti minutta las vi boka med lesestopp. Vi drøfta påstandane i opplegget kring naturlover, mytar, hypotesar og humoristiske vendingar. Elevane på småtrinnet fekk samtaleoppgåver, medan mellomtrinnet også fekk korte skriveoppgåver saman med læringspartnar og i plenum om innhald og bodskap i boka. Kan noko som er unaturleg for nokon, vere det naturlege for andre? Kva grenser set fantasien?

Eksperiment og praktiske øvingar

I etterarbeidet på mellomtrinnet fekk elevane sjå og lære om ulike eksperiment andre har gjort kring nokre av problemstillingane i boka. Vi valde å fordjupe oss i kva som skjer om ein katt fell med ei smørbrødskive festa til ryggen, og kvifor kattar alltid landar på beina. Vi drøfta og forklarte praktisk, og viste også filmdøme frå opplegget.

Etterarbeidet til småtrinnet var praktiske øvingar. Borna fekk bevege seg bort frå pultane sine og til ei anna sone i klasserommet der vi saman utførte forsøka. Dette skapte samarbeid, dynamikk, felles undring og kunnskap. Vi valde å ta inn desse praktiske forsøka retta mot småtrinnet også til mellomtrinnet. Dette var eit godt val for å gi variasjon og deltaking og unngå for mykje tid knytt til skjermbruk.

Img 7801
Kan binders flyte?

Vil ha meir Bok på 1-2-3

Elevane fortalde at dei hadde hatt to gode timar saman med oss der dei hadde lært og erfart nynorsk barnelitteratur med metodar som dei syntest var motiverande. Sidan det var ein todelt skule med ulik alder på elevane i klasserommet, måtte vi formidle på ein måte som var tilpassa alle trinna. Vi tok oss god tid, tok pausar undervegs og valde oppgåver i opplegga som vi syntest passa til målgruppa.

Vi på Nynorsksenteret sat att med erfaringa at opplegga fungerte godt. Vi valte ut etterarbeid etter kva tid vi hadde til disposisjon, og let lærarane sjølve velje om dei ville gjere oppgåvene som stod att (knytte til matematikk og engelsk). Praktisk arbeid etter lese-, samtale eller skriveøktene verka positivt på alle, frå 1. til 7. trinn. Dette vil vi ta med oss vidare. Elevane ønskte meir Bok på 1-2-3, og både lærarar og føresette gir tilbakemelding om lærerike og engasjerande timar. Så no er det berre for deg å gripe ei bok og eit opplegg på 1-2-3!

Img 7809
Ein drope såpe er nok til å øydelegge vasshinna.
Bok paa 123 Arkimedes
Arkimedes og brødskiva (1.–4. og 5.–7.)

Tverrfagleg opplegg for 1.–4. trinn i faga norsk, matematikk og naturfag og tverrfagleg opplegg for 5.–7. trinn i faga norsk, engelsk og naturfag.

Bok Paa 123 Kvadratisk
Bok på 1-2-3

Bok på 1-2-3 er undervisingsopplegg til gode, nynorske bøker. Opplegga er prega av leik, undring og læreglede, og er utforma slik at dei er enkle å ta i bruk i klasserommet. For at det skal vere ekstra lett å ta opplegga i bruk, ligg mange av bøkene ute til gratis strøyming.