Fleirspråklege forteljingar
01.09.2019
Parallell historieforteljing på norsk og eitt eller fleire andre språk er eit spanande felt innanfor forteljarkunsten. Bli med til Fortellerhuset i Oslo og den trespråklege framsyninga Kampen om ordet.
Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Foto: Elin Osjord, Fortellerhuset
Forteljingane har i alle tider vandra over landegrenser lettare enn menneske. Dei ber med seg tankar, haldningar og røynsler. Når vi ser nærmare på desse forteljingane, ser vi at mange er lette å kjenne att, og at det er liknande forteljingar i all kulturarv.
Kampen om ordet er ei forteljarframsyning for heile familien der nynorsk, samisk og persisk språk, musikk og dans møtest. Innhaldet er basert på ei forteljing av den muslimske mystikaren og poeten Rumi.
I versjonen til Fortellerhuset er tiggarane erstatta med ei gruppe gatemusikantar og trubadurar som møtest på eit torg: ei gruppe norske folkemusikarar og dansarar, ei gruppe iranske musikarar og ein samisk joikar. Dei kan ikkje språket, musikken eller dansen til kvarandre, men dei har éin felles pengehatt. For pengane dei får, kjøper dei mat og deler med kvarandre. Ein dag får dei berre éin mynt i hatten, og med den mynten får dei berre råd til å kjøpe ein type frukt. Kva skal dei kjøpe, kven skal bestemme, og korleis skal dei snakke saman når dei ikkje kan språket til kvarandre?
Gjendikting til nynorsk
Forteljar og dansar Mehda Zolfaqari hadde ideen til stykket. Ho opplever både persisk og nynorsk som poetiske språk. Zolfaqari fortel at i gjendikting av persiske forteljingar føretrekker ho å nytte nynorsk fordi det fungerer godt gjennom dei korte og konsise orda. Til arbeidet sitt har ho mellom anna funne inspirasjon frå Johannes Gjerdåker, ein av dei fremste gjendiktarane i Noreg.
Musikken i nynorsken
Forteljar og folkedansar Sondre D. Mæland tykkjer nynorsk er eit godt språk å bruke til å snakke om kjensler. Han liker takten og musikken som ligg i nynorsken. Han tykkjer det er lett å uttrykkje seg på nynorsk, med melankoli, temperament, humor og glede.
Mæland har dialekt frå Øystese i Hardanger. Dialekta ligg nær opp til det nynorske skriftspråket. Som skodespelar har han ikkje arbeidd bevisst med nynorsk som språk før no, og det var ein prosess å finne stemma og rollefiguren i forteljinga. I arbeidet lét Mæland seg inspirere av skodespelar og sambygding Frank Kjosås. I folkedansen i stykket nyttar han særtrekk frå folkedans frå heimstaden sin.
– Det opplevdest som Vestlandet flytta inn i meg att, seier han. Og slik vaks kroppsspråket til rollefiguren fram.
– Å nytte nynorsk i formidlinga har gjeve meg ein tydeleg identitet i rolleskikkelsen. Det byggjer på historie som gjev tyngde og meining for meg, avsluttar Mæland.
Forteljar og joikar Viktor Bomstad seier at det å arbeide med samisk språk i samspel med nynorsk og persisk var gjevande. Han seier at språka er ulike, men han opplever at dei kling godt saman. Han tykte det var spanande å sjå og høyre korleis dei same orda og setningane vart uttrykte på dei ulike språka.
– Den store utfordringa var å finne formuleringar som var meiningsberande på sitt eige språk, og samstundes opne for at alle språka skulle få likevekt i framsyninga, fortel Bomstad. Fleirspråklege forteljingar er ein ny måte å bli kjent med eige og andre sine språk på. Ein lærer ord og uttrykk frå andre språk og kulturar, samstundes som ein vert kjent med melodi, språklydar, formuleringar og uttrykksmåtar i språket. Skodespelarane erfarer også at det opnar for samtaler om språk og korleis ein uttrykkjer seg i ulike kulturar.
Kampen om ordet er ei framsyninga av og med Fortellerhuset. For meir informasjon og film sjå fortellerhuset.no