• Blogg
  • Gje borna fleire bøker på nynorsk

Gje borna fleire bøker på nynorsk

14.12.2021

Illustrasjon Jente som les nynorske bøker

Det trengst ordningar som kan føre til at det kjem fleire omsette bøker og bokseriar på nynorsk.

Av Anne Marta V. Vadstein og Arild Torvund Olsen, Nynorsksenteret
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Dei siste dagane har det vore fleire oppslag i media om skeivfordelinga mellom bokmål og nynorsk i bøker for born og unge. Utgangspunktet er tal frå Norsk barnebokinstitutt som viser at berre kring 6 % av barne- og ungdomsbøkene som kjem ut, er på nynorsk.

Dersom me tek ut den omsette utanlandske litteraturen frå reknestykket, vert rett nok tala betre. I snitt er over ti prosent av den nyare barne- og ungdomslitteraturen som er skriven av norske forfattarar kvart år, på nynorsk. Det er med andre ord ikkje mangel på nynorskforfattarar som fører til at det samla talet er så lågt som 6 %. Og nynorskforfattarane skriv godt, det veit me mellom anna frå kåringar der elevar sjølve skal plukke ut kva bøker dei liker. På nynorskbok.no kan folk dessutan lett finne fram til kva som finst av gode nynorskbøker for ulike aldersgrupper. Så kva er då problemet? Eitt av problema er at den enorme mengda med omsette barne- og ungdomsbøker som dei store forlaga spreier gjennom distribusjonskanalane sine, er nær kjemisk fri for nynorsk. Eit anna problem er at ein del serielitteratur ser ut til å ramle utanfor stønadsordningane, slik at ein ikkje får den same nynorskrepresentasjonen i utvalet der. Og den mengdelesinga som den norske og omsette serielitteraturen kan by på, er noko born og unge har bruk for.

Både nynorsk- og bokmålselevar treng å lese nynorske bøker om mange ulike tema. For nynorskelevane handlar det om å auke ordforrådet, lære setningsoppbygging og ordstilling på hovudmålet sitt, i tillegg til at det er viktig for den språklege tryggleiken og identiteten å sjå skriftspråket sitt i bruk i fleire samanhengar. Allereie frå 1. trinn skal også bokmålselevane bli lesne høgt for på nynorsk, og frå 3. trinn skal dei lese enkle tekstar sjølve, jamfør LK 20 Kunnskapsløftet. Det seier seg sjølv at det ikkje berre er dei 12 % av elevmassen som har nynorsk som hovudmål, som er målgruppa for dei nynorske barne- og ungdomsbøkene, men alle born og ungdommar i norsk skule. Og dei treng bøker. Både i trykt og digitalt format, serie- og einskildbøker, om alle slags tema.

Lesing er ein heilskapleg og kompleks aktivitet og må trenast mykje. For elevar med nynorsk som hovudmål handlar tilgangen til nynorske bøker om å få tilgang til det som legg grunnlaget for læring i alle fag, og på sikt ta del i dei demokratiske prosessane i samfunnet med god språkleg sjølvtillit og tryggleik. For bokmålselevane handlar det om å bli kjende med ein språkleg variasjon og rikdom i norsk barne- og ungdomslitteratur. Forsking viser dessutan at elevar som får ein god start med nynorskopplæringa på barnetrinnet, får betre ferdigheiter i nynorsk. Det er til nytte for dei sjølve, i tillegg til at dei tidlege møta med nynorsken bidreg til at det blir større språkleg toleranse og forståing i samfunnet.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen fortel at ho er opptatt av å styrke nynorsken, og at dei arbeider med å få på plass ei boklov som også skal få meir nynorsk litteratur ut til folk. Vonleg kan det då kome på plass ordningar som, i tillegg til å sikre at det framleis kjem ut gode, originale nynorske bøker, kan føre til at det kjem fleire omsette bøker og bokseriar på nynorsk.