• Blogg
  • Innhaldslister for alle?

Innhaldslister for alle?

12.03.2026

Synnove Marie Satre

Tekst: Synnøve Marie Sætre

Kunnskapsministeren har lagt fram utkast til rettleiande innhaldslister til læreplanar i grunnskulen. Listene vert presenterte som ei støtte til lærarar – ikkje som krav. Likevel er det liten tvil om at slike lister i praksis kjem til å få stor innverknad på kva tekstar elevar i norske klasserom møter. Når nasjonale styresmakter peikar på bestemte tekstar og forfattarar, vil dei for mange lærarar fungere normgjevande for undervisninga. 

Difor er det problematisk at innhaldslistene i norsk berre inneheld om lag 20 % tekstar på nynorsk. Då tek ein ikkje høgd for at mange elevar i norsk skule har nynorsk som hovudmål. Nynorskelevane har allereie ein skulekvardag som er prega av mykje bokmål, både gjennom skriveprogram og læringsressursar som ikkje finst på nynorsk. Desse elevane treng rikeleg eksponering for nynorsk i skulekvardagen for å bli trygge språkbrukarar, men for nynorskelevane kan innhaldslistene bidra til ein skulekvardag med endå mindre eksponering for nynorsk. Det vert rett nok understreka at innhaldslistene berre er rettleiande, og at lærarane står fritt til å velje og tilpasse sjølve, men skal då ikkje lærarane i nynorske klasserom få den same støtta i valet av tekstar som andre lærarar får? 

Det er òg viktig at ein i valet av tekstar er medvitne om kva påverknad utvalet av tekstar har på elevane sine språkhaldningar. Skal til dømes elevane få erfare at nynorsk er eit levande bruksspråk, kan ein ikkje avgrense det nynorske utvalet til nesten utelukkande å vere tekstar frå 1800-talet, slik innhaldslistene i musikk i stor grad gjer. Same kor gode dei 1800-talstekstane er. Haldningane ein har til eit språk, har mykje å seie når ein skal lære språket, og det må innhaldslistene støtte opp om gjennom eit medvite utval av tekstar. 

Det vert understreka at innhaldslista til læreplanen i norsk dekkjer dei delane av læreplanen som handlar om det kulturspesifikke innhaldet i norskfaget, og at det ikkje er utvikla innhald til ferdigheitsdelen av faget, som vert omtala som lese- og skriveopplæringa og dei munnlege og digitale ferdigheitene. Det er underleg å tenkje seg at kulturdelen og ferdigheitsdelen av faget er to separate delar. All den tid ein føreslår tekstar elevane skal arbeide med, er det ein del av den heilskaplege språkopplæringa som skal skje i norskfaget. 

Skal dei rettleiande innhaldslistene verke etter intensjonen – som ei støtte for lærarar over heile landet – må dei ta høgd for den språklege røynda i norsk skule. Det inneber òg å sikre at elevar med nynorsk som hovudmål møter sitt eige språk i tekstar som vert løfta fram som viktige. Elles risikerer me at listene som skal vere for alle, i praksis ikkje er det. 

Kom med innspel

Du kan gje Utdanningsdirektoratet innspel på utkastet til innhaldslister her: Om veiledende innholdslister