• Blogg
  • Innhaldsrik nynorskveke i Steinkjer

Innhaldsrik nynorskveke i Steinkjer

04.04.2024

Karin Ida til nettside

Lærarane Karin Ryen (til venstre) og Ida Lovise Bøe ved Steinkjer videregående skole. 

Steinkjer videregående skole har i samarbeid med det lokale mållaget arrangert ei innhaldsrik nynorskveke for elevar, lærarar og andre interesserte. Lærarane Ida Lovise Bøe og Karin Ryen har organisert det faglege innhaldet. Her finn du eit nytt undervisningsopplegg som dei har laga til ungdomsromanen Hjartespreng. Du får også tips til korleis ein kan lage ei nynorskveke.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden

– Det var tre VG3-klasser på studiespesialiserande som deltok. Vi hadde også ein del arrangement som var opne for endå fleire elevar og andre interesserte, seier lærar Ida Lovise Bøe.

Saman med kollega Karin Ryen ved Steinkjer videregående skole har ho organisert det faglege innhaldet i Nynorskveka. Steinkjer mållag har bidrege økonomisk. I veke 9 hadde skulen eit ekstra søkjelys på nynorsk. Elevane, som har nynorsk som sidemål, arbeidde tverrfagleg i norsk og historie.

På Steinkjer kulturhus hadde dei ein fagleg inspirasjonskveld der norsklærarar var målgruppa. Folkebiblioteket laga ei utstilling med nynorsk litteratur, i tillegg hadde dei ulike lesearrangement. 

Foredrag med Brynjulf Jung Tjønn
Forfattar Brynjulf Jung Tjønn

Programmet

Utanforskap var tema for Nynorskveka i år. Forfattar Brynjulf Jung Tjønn heldt eit foredrag for elevane. Han står bak lyrikkboka Kvit, norsk mann der han set søkjelyset på identitet, tilhøyrsle og rasisme. Nynorsksenteret har laga eit undervisningsopplegg til Kvit, norsk mann som elevane fekk arbeide med.

Rundt 150 elevar deltok på bokbad med forfattar Inger Johanne Sæterbakk, som har skrive ungdomsromanen Hjartespreng. Hovudpersonen Inga er 16 år og går første året på vidaregåande. Inga liker Nils, men det er ho ikkje åleine om. Bestevenninna til Inga, Jenny, har flytta til sentrum. Og då Jenny dreg på fest med dei andre jentene i klassen utan å invitere Inga, kjenner Inga seg utanfor. 

På opningsdagen til Nynorskveka fekk elevane videohelsing frå Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Løkensgard Hoel og komikar Sigrid Bonde Tusvik. Elles i veka presenterte Målungdommen norsk språkhistorie frå eit ungdommeleg perspektiv. Historikar og forfattar Øystein Lydik Idsø Viken fortalde om sørsamisk språkhistorie, og om kor viktig språk er for demokrati. Forfattar Ingrid Storholmen hadde ein kreativ skriveverkstad for elevane. Steinkjer mållag arrangerte ein skrivekonkurranse for elevane der dei kunne vinne premiar.

– Det hadde vore umogleg å gjennomføre Nynorskveka med den høge kvaliteten på forfattarar og innleiarar som vi hadde, utan økonomisk støtte frå mållaget, seier lærar Karin Ryen.

Bokbad med Inger Johanne Sæterbakk til nettside
Skolebiblioteket var med på nynorskveka. Skolebibliotekar Jhanne Dahlgren bokbadar forfattar Inger Johanne Sæterbakk.

Tekstar som treffer

Ved Steinkjer videregående skole les dei mykje litteratur på nynorsk heilt frå VG1, utan at lærarane gjer noko poeng for elevane at det er på nynorsk.

– Dersom ein finn litteratur som engasjerer og treffer ungdom, så tenkjer ikkje ungdommen vår på at dei faktisk les nynorsk, seier Bøe. 

Både Kvit, norsk mann og Hjartespreng viste seg å vere slike tekstar. 

Opplegget som Nynorsksenteret har laga til Kvit, norsk mann, er det beste opplegget vi har funne nokon gong, seier Ryen. 

Dei to lærarane ved Steinkjer videregående har sjølv laga oppgåver til Hjartespreng. Både elevar på VG3 og VG2 har arbeidd med boka. 

– Elevane likte boka veldig godt, og ho er lett å lese for dei aller fleste elevane. Det viste seg at boka passar godt for 18–19-åringar sjølv om hovudpersonen er 16 år. Miljøet i boka viser seg å vere nøyaktig det same som vi har her. Det kan vere fint for elevane å lese ein realistisk ungdomsroman, og ikkje minst å få lese heile boka, seier Ryen. 

Involver elevane

Lærarane Bøe og Ryen har hatt hovudansvaret for det faglege innhaldet i Nynorskveka. Dei andre lærarane ved skulen fekk ansvar for sette i gang elevane med tekstlesing og oppgåver. På førehand var det laga ein detaljert plan over kva arrangement som skulle vere, kor mange plassar som var tilgjengelege, og kva ein måtte ha jobba med på førehand for å delta. Timeplanen var lagd opp slik at dei kunne jobbe med nynorsk over fleire skuletimar. 

– Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar frå elevane. Ein viktig suksessfaktor var at vi hadde ei ressursgruppe med elevar som fekk ganske stort ansvar i den praktiske gjennomføringa, seier Ryen. 

Elevane fekk presentere forfattarane, og takka dei etter arrangementa. Dei laga også eit kreativt og humoristisk undervisningsopplegg i nynorsk grammatikk. Elevane svarte anonymt på ei spørjeundersøking etter Nynorskveka. Dei fekk god respons frå alle elevane. 

– Dei synest programmet var interessant, lærerikt og at det bevega dei. Når ein får slike tilbakemeldingar, får ein lyst til å gjere meir av dette. Vi synest det er artig når vi ser at ungdommane lærer av det og sit igjen med noko positivt, seier Bøe.  

Nynorsk er ein viktig del av opplæringa

Det står i Læreplanen at elevar som har nynorsk som sidemål, skal byrje med det frå 2. trinn på barneskulen. Likevel opplever lærarane at elevane har lite erfaring med nynorsk når dei byrjar på vidaregåande. 

– Ein del elevar er dessverre negative når dei skal lese eller skrive nynorsk, men det må vi berre plukke av dei, seier Ryen.

Lærarar er viktige rollemodellar når det kjem til haldningar. 

– Nynorsk og bokmål er likeverdige skriftsspråk. Vi må slutte å seie at no skal vi jobbe med nynorsk, og no skal vi jobbe med bokmål. Vi ønskjer at nynorsk skal vere ein naturleg del av opplæringa, seier Bøe. 

Ved Steinkjer videregående nyttar lærarane nynorsk som bruksspråk i til dømes presentasjonar og når dei skal skrive beskjedar til elevane. Både i Trøndelag og andre stader i landet er det eit poeng å snakke om samanhengen mellom nynorsk skriftspråk og talemålet til elevane. Ein kan finne det som engasjerer ungdommen, samstundes som ein arbeider med nynorsk. 

– Elevane treng lærarar som er engasjerte, og som ser at nynorsk er viktig. Sjå på språkopplæringa som ein heilskap, seier dei to norsklærarane ved Steinkjer videregående. 

Tips til bøker og undervisningsopplegg

Nynorskbok.no finn du omtalar av nesten 1000 bøker for barn og unge. 

Nynorsksenteret.no finn du gode undervisningsopplegg for alle trinn. 

Hjartesprengikon
Arbeid med boka Hjartespreng

I dette undervisningsopplegget skal elevane arbeide med ungdomsromanen Hjartespreng (2023) av Inger Johanne Sæterbakk. I tillegg skal dei også lese andre tekstar som tek for seg dei same temaa. Her skal ein både nærlese utdrag frå teksten, skrive sjølv, diskutere, reflektere og til slutt skrive eit essay.

Kvit norsk mann ikon
Kvit, norsk mann – arbeid med ein samfunnsaktuell, lyrisk tekst i klasserommet

I dette læringsopplegget skal elevane arbeide med tre av dikta til Brynjulf Jung Tjønn og blant anna reflektere over kva dei seier om det norske samfunnet. Gjennom høgtlesing, skriveoppgåver, tekstsamtalar og innspeling av podkast skal elevane reflektere over dikta.

Kjenner du lærarar som driv kreativ nynorskundervisning?
Eller tilsette ved bibliotek som løftar fram nynorsk litteratur på gode måtar?
Kjenner du barnehagetilsette som driv god språkstimulering på nynorsk?

Send gjerne eit tips til: ingvild@nynorsksenteret.no