• Blogg
  • Jula – ei forteljingsløype

Jula – ei forteljingsløype

27.11.2020

Julebil

I dette nye, tverrfaglege læringsopplegget får elevane tildelt realistiske utfordringar der dei skal utforske ulike tema og tileigne seg kunnskap og kompetanse om dei komplekse situasjonane liva våre inngår i. I forteljingsløypa inngår oppdrag som å utforme julebudsjett, lage ein plan for ei berekraftig jul, og å gjere juletida hyggelegare for dei rundt deg.

Det er til saman fem ulike elevoppdrag. Desse oppdraga er:

  1. Skap ein familie
  2. Kvar skal familien bu?
  3. Familiebudsjett
  4. Ei berekraftig jul
  5. Ei gledeleg jul – trass alt!

Ein står sjølvsagt fritt til å leggje opp til fleire eller færre oppdrag.

Powerpoint forteljingsloype
Jula – ei forteljingsløype

I dette læringsopplegget tek elevane i bruk ein tverrfagleg og temabasert metode for å utforske ulike problemstillingar som er relevante for tida me er inne i. Storyline-metodikken har som mål å få elevane til å tenkje kritisk, reflektere og samarbeide om ulike læringsfremjande oppgåver.