• Blogg
  • Klassesett av romanar, takk!

Klassesett av romanar, takk!

05.07.2021

Nærlesing av romanar til nettside

Korleis kan det å arbeide med nynorske ungdomsromanar fremje fleire sider ved den norskfaglege kompetansen til elevane?
To nye læringsopplegg er tilgjengelege på nettsidene til Nynorsksenteret.

Tekst: Jorid Saure

Over halvparten av ungdommane les ikkje skjønnlitteratur i fritida. Dei møter ei verd av historier gjennom strøymetenester og sosiale medium, men få les skjønnlitteratur på eige initiativ. Samstundes veit vi at det å lese skjønnlitteratur gjev mange fordelar: Det kan gjere oss meir empatiske, og det kan gje oss ei betre forståing av kven vi er, og kvifor vi tenkjer og handlar som vi gjer (Oatley 2016). Dei kognitive føremonene ved lesing kjem derimot ikkje automatisk, dei føreset at lesaren engasjerer seg i teksten og reflekterer kring det han har lese. Her spelar ungdomslitteraturen ei viktig rolle. Mange ungdomar les ungdomstekstar grundigare og med større engasjement enn romanutdrag frå vaksenlitteraturen, mellom anna fordi dei kan relatere tekstane til eigne liv og erfaringar (Martin-Chang ofl., 2020).

Skjønnlitteratur og det nye læreplanverket

Å lese skjønnlitteratur står sentralt i LK20, noko som både dei tverrfaglege temaa og kompetansemåla for norskfaget viser. Elevane skal lese ein stor variasjon av tekstar og sjangrar og reflektere over føremål, innhald, sjangertrekk og verkemiddel.

Å lese skjønnlitteratur skal gje rom for oppleving, undring og identitetsutvikling, og det skal bidra til at elevane utvidar forståinga si for verda og synspunkta og perspektiva til andre menneske.

Ein studie av norskundervisinga i 47 åttandeklasser i Noreg viste at dei skjønnlitterære tekstane som elevane får presentert, ofte er romanutdrag, og at læreboka er styrande for utvalet av tekstar (Blikstad-Balas og Roe, 2020). I dag presiserer læreplanverket at elevane skal lese lengre tekstar. Å ha tilgang til klassesett av romanar bør difor vere ei viktig målsetting for skulane.

Mengdetrening i å lese og skrive nynorsk

På Fjell ungdomsskule på Sotra har vi kjøpt inn klassesett av tre romanar som er tilpassa dei ulike trinna. Elevane les boka Hest, hest, tiger, tiger av Mette Eike Neerlin på 8. trinn, Arrfjes av Terje Torkildsen på 9. trinn, og Bli hvis du kan, reis hvis du må av Helga Flatland på 10. trinn. Til kvar av romanane har vi utvikla eigne læringsopplegg som gjev elevane høve til å reflektere munnleg og skriftleg over bøkene dei les. Føremålet med romanprosjektet er at elevane gradvis skal utvikle ein meir samansett litterær kompetanse, samstundes som dei får øving i å lese og skrive nynorsk. To av læringsopplegga er no publiserte på Nynorsksenteret sine sider:

Når elevane les nynorske romanar, får dei mange møte med det nynorske språket. I arbeidet med romanane vert nynorsken både eit undervisingsspråk og eit bruksspråk, noko som gjev elevane ei nødvendig erfaring med å lese og skrive språket over tid. Gjennom å arbeide med romanar på nynorsk ligg det difor ei dobbel vinning: Felles lesing av lengre tekstar legg til rette for utviklinga av ein samansett norskfagleg kompetanse som både handlar om å lese, tolke og forstå litteratur og å utvikle språklege ferdigheiter. Norskfaget sitt store oppdrag krev nemleg at vi set språklege og litterære kompetansar i samanheng.

Litteratur

Blikstad-Balas, Marte og Astrid Roe. (2020.) Hva foregår i norskundervisningen? Utfordringer og muligheter i norskfaget på ungdomstrinnet. Oslo: Universitetsforlaget.

Martin-Chang, Sandra, Stephanie Kozak og Maya Rossi. (2020.) Time to read Young Adult fiction: print exposure and linguistic correlates in adolescents. I Reading & writing 33 (2), s. 741–760.

Oatley, Keith. (2016.) Fiction: Simulation of Social Worlds. I Trends in Cognitive Sciences 20 (8), s. 618–628.