• Blogg
  • Korleis meistrar byråkratane nynorsk?

Korleis meistrar byråkratane nynorsk?

01.03.2019

0 Introvideo 0 00 26 24 1

Språkrådet held kvart år mange nynorskkurs for offentleg tilsette. Kursa gjev oss eit spennande innblikk i kva folk trur dei strever med – og kva dei faktisk strever med.

Tekst: Aksel Torsnes Mehlum

Gjennom eitt år er det fleire hundre som deltek på eit av Språkrådets klasseromskurs i nynorsk, anten spesialkurs for eitt statsorgan eller opne kurs for statstilsette som melder seg på. Dei fleste kursa varer éin arbeidsdag, men nokre gonger bruker vi to dagar. Før og etter kvart kurs må alle deltakarane sende inn ein tekst dei har skrive sjølve, og alle får individuell tilbakemelding på desse tekstane. På denne måten får vi i Språkrådet eit visst inntrykk av kor skoen trykkjer, og kursa kan tilpassast etter den aktuelle deltakargruppa.

Ordtilfang eller grammatikk

Det er oftast ordtilfanget urøynde nynorskskribentar er mest opptekne av og uroa for. Grammatikken tenkjer mange mindre på. Men når vi arbeider med ordtilfang på kurset, skårar dei fleste faktisk nokså høgt. Samstundes ser eg at det som ofte skjemmer tekstane som kjem inn, er grammatiske feil og inkonsekvent språkføring.

På klasseromskursa legg vi difor vekt på å trene opp det grammatiske medvitet. Mange er uvane med å tenkje på grammatikken i det heile; grammatikk er noko dei knyter til framandspråk. Men skal ein som er mest van med bokmål, få skikk på nynorsken sin, er det ingen veg utanom grammatikken. Det nyttar ikkje å slengje på ein -a eller ein -ar her og der og håpe det beste. Litt systemkunnskap må til!

Fortidstest og hypernynorsk

Ein del av kursdagen går altså med til å friske opp skulegrammatikken. For mange deltakarar er den såkalla fortidstesten reine openberringa. At ein for dei aller fleste verba kan finne ut kva den nynorske notidsendinga skal vere, ved å høyre på fortidsendinga i eige talemål, gjer -er/-ar-spøkjelset litt mindre skremmande. Å få hovudreglane for fleirtalsbøying av substantiv på plass er òg til stor hjelp i så måte. Det tek litt tid å rydde opp i det ein kan kalle hypernynorsk, med formuleringar som til dømes «vi visar til», «figuren illustrerar utviklinga» og «elektroniske dokumentar», men det gjer tekstane så mykje betre.

Aksel Torsnes Mehlum Foto Kristin Brenna
Aksel Torsnes Mehlum er seniorrådgjevar i Språkrådet, seksjonen for språk i skule og offentleg forvaltning. Foto: Kristin Brenna

Oi, på nynorsk!

I 2017 lanserte Språkrådet e-læringskurset «Oi, på nynorsk!» i samarbeid med Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi). Kurset er særleg retta mot statstilsette som ikkje har skrive så mykje nynorsk før, og blei til etter ein systematisk gjennomgang av dei problema vi ser går att i dei tekstane vi får inn. Her blir ein kjend med byråkratane Else og Lars, og den drivne nynorskbrukaren Else blir ein slags lærar for både Lars og den som tek kurset. E-læringskurset nyttar vi no som førebuing for alle som skal på klasseromskurs, slik at dei har eit visst grunnlag når dei skal prøve seg på å skrive nynorsk.

Den som tek «Oi, på nynorsk!», får servert nokre enkle, men viktige, hugsereglar for substantiv- og verbbøying. Dessutan er det korte bolkar om stil og ordtilfang og ei innleiing om korleis målbruken i staten er regulert.

Konsekvent språkføring

Eg avsluttar kvart klasseromskurs med ei økt om konsekvent språkføring. Det er svært få tekstar som ikkje har døme på inkonsekvens. Det klassiske dømet er sjølvsagt infinitivsendingane, altså ei umotivert blanding av -e og -a. Det finn vi nok i godt over halvparten av dei tekstane vi får inn. Ein annan attergangar er at vi finn ord som «gitt» og «rådgjevar» i same tekst. Båe formene er jo korrekte, men i éin tekst må anten «rådgivaren» «gi» råd, eller så må «rådgjevaren» «gje» dei same råda.

Eit døme på konsekvent språkføring som krev litt meir av skribenten, er alle dei valfrie j-ane («følgje»/«følge», «liggje»/«ligge», «fremje»/«fremme» osb.). Sjølv om kravet er at ein skal vere konsekvent for kvart ord, er rådet at ein bør gjennomføre anten j-former eller j-lause former. Her er det litt å bryne seg på for dei som vil gjere tekstane sine endå betre.

Men ordtilfanget, då? 

Sjølv om vi bruker mest tid på grammatikk og konsekvens, er det ikkje heilt fritt for utfordringar i ordtilfanget heller. Ei gruppe ord som mange slit med, er dei såkalla anbeheitelse-orda, ord med opphav i tysk og dansk. At folk skriv «andel», «beskriving», «virksomheit» og «størrelse» i staden for «del», «skildring», «verksemd» og «storleik», er ikkje heilt uvanleg. Men når vi diskuterer slike tilfelle i klasserommet, er som oftast reaksjonen «ja, sjølvsagt!» når dei nynorske orda blir lanserte.