• Blogg
  • Korleis vert ein god til å vere ungdom?

Korleis vert ein god til å vere ungdom?

27.08.2024

Sæterbakk til nettside

– Eg skriv om barn og ungdommar som taklar livet godt, men så har dei enkelte ting dei slit med. Slik er eg sjølv også, seier Inger Johanne Sæterbakk. 

Inger Johanne Sæterbakk skriv om ungdommar som prøver å finne ut korleis dei kan verte gode til å vere ungdom. Etter tre bøker har ho framleis ikkje svaret.

Tekst og foto: Heidi Fagna

– Eg var god til å vere barn, og eg er endå betre til å vere vaksen, men eg var ganske dårleg til å vere ungdom. Og så har eg jo eigentleg vore ganske lik heile tida. Det er jo litt slik at når ein rykker opp til ungdomsskulen, så er ikkje kunnskapen eit barn har om å vere menneske, like mykje verdt, seier Inger Johanne Sæterbakk i podkasten Bakom boka. 

Katteknulling og venskapspause

I 2017 gav Sæterbakk ut romanen 1000 dagar. Johanna og Georg har vore bestevenner heile livet, men første dag på ungdomsskulen går det skeis. Georg fortel den nye klassen med stor innleving om siste dag av ferien, då katten hans og katten til Johanna knulla, og Johanna held på å døy. Dagen etter spør nokon om ho er kåt på Georg, og då bestemmer ho at dei må ha vennepause i 1000 dagar, til dei er ferdige på ungdomsskulen. 

Det er mykje humor og overskot i 1000 dagar, og kontrasten er stor til neste bok frå Inger Johanne Sæterbakk. I 2020 kom Rundt jorda og tilbake . Jonas bur saman med veslebror Andreas og den etter alt å dømme deprimerte mora. Faren har flytta til den nye kjærasten, og Jonas gjer alt han kan for at mamma skal verte glad igjen. Han bruker mykje tid på å øve til han skal spele gitar på skulekonserten. Då skal han spele ein song pappa skreiv til mamma, slik at dei kan verte forelska i kvarandre igjen. Jonas er sliten av å passe på broren og mora samstundes som han må late som han har det bra. 

 – Mange foreldre har fortalt meg at denne boka har opna for viktige samtalar om alt det barn ikkje skal trenge å ta ansvar for, fortel Sæterbakk. 

På leit etter ungdomskompetansen

I 2023 var Sæterbakk litt tilbake i same spor som i debutboka 1000 dagar, med ein hovudkarakter som prøver å tilpasse seg dei nye krava som kjem når ein vert ungdom. 

I Hjartespreng møter me Inga. Ho er 16 år og best i klassen i matte. Ho har god progresjon på skulen, men sosialt heng ho bakpå. No er det om å gjere å pynte seg og gå på fest og kline med gutar, og kanskje ha sex med dei. Det har andre jenter i klassen gjort lenge, og no har bestevenninna Jenny også begynt. I tillegg må Inga med nye auge utforske forholdet til den to år eldre naboguten Nils og den gamle mannen i nabohuset. 

– Eg anar ikkje kva det er som skal til for at ein kjenner at ein flink til å vere ungdom, og eg trur ikkje eigentleg at nokon kjenner at dei er det, seier Inger Johanne Sæterbakk i Bakom boka. 

Ungdomsromanen Hjartespreng vart nominert til den høgthengande Brageprisen i 2023. 

Hjartesprengikon
Arbeid med boka Hjartespreng

I dette undervisningsopplegget skal elevane arbeide med ungdomsromanen Hjartespreng (2023) av Inger Johanne Sæterbakk. I tillegg skal dei også lese andre tekstar som tek for seg dei same temaa. Her skal ein både nærlese utdrag frå teksten, skrive sjølv, diskutere, reflektere og til slutt skrive eit essay.