• Blogg
  • La barna lese i sommar

La barna lese i sommar

05.06.2020

Illustrasjonsfoto Sommarles Til Nettside

Lesekampanjen Sommarles kan motverke tap av lesekompetanse. 

Tekst og hovudbilete: Ingvild Myklebust Hovden

Lærarar, foreldre og bibliotekarar kan oppmode barn til å lese i sommar. Sommarles er ein nasjonal lesekampanje for barn frå 1. til 7. trinn. Folkebiblioteka står bak kampanjen som byrjar 1. juni kvart år og varer til 31. august. I dette tidsrommet kan barna registrere bøkene dei les eller høyrer på, og dei kan samle poeng. Deltakarane kan vinne både digitale trofé og små premiar som kan hentast på biblioteket.  

Summer Reading Loss

Mange lærarar opplever at elevane skårar dårlegare på lesetestar etter sommarferien enn før sommarferien. Dette fenomenet er godt dokumentert i forskingslitteratur frå USA og Europa, og det blir kalla «Summer Reading Loss». Studiar frå USA viser at svake lesarar kan tape opptil tre månaders leseutvikling i løpet av sommarferien, medan sterke lesarar taper mindre. Slik vert spriket mellom dei sterke og dei svake lesarane større og større for kvart år. Sommarles kan vere med på å motverke denne utviklinga. Lidun Hareide og Silje Ims Lied skreiv ein artikkel om dette i Bedre Skole i 2019. 

Sommarlesforskarar
Silje Ims Lied (til venstre) frå Høgskulen i Volda og Lidun Hareide frå Møreforsking. (Foto: Ingvild Aursøy Måseide, Vikebladet Vestposten)

Forskar på Sommarles

På oppdrag frå Nasjonalbiblioteket og Sommarles.no forskar Møreforsking Molde og Høgskulen i Volda på Sommarles. Dei har undersøkt datamateriale frå over 105 000 barn som deltok i kampanjen i 2018. I tillegg ser dei på svar frå 1997 foreldre, 221 bibliotekarar og 227 lærarar. I 2018 var 45 prosent av deltakarane gutar.

– Bruken av «gamification» der ein hentar element frå dataspel, kan vere ei forklaring på kvifor dette appellerer til gutane også, seier Silje Ims Lied som er høgskulelektor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda.

Eit pilotprosjekt som vart gjennomført med 138 barn i fjerde, femte og sjette klasse i Hareid kommune, viste at barn som deltok i Sommarles, tapte svært lite lesekompetanse over sommaren. Barn som ikkje gjorde det, tapte vesentleg meir. 

Viktig samarbeid

Der skulane og lærarane i samarbeid med biblioteka bruker tid før sommarferien til å dele ut informasjon om Sommarles, får fleire barn kjennskap til kampanjen, og fleire barn deltek.

Førebelse resultat frå forskinga viser at det er mykje å hente på betre samarbeid mellom skule og bibliotek, seier Silje Ims Lied.

I tillegg har det vore viktig å få ut informasjonsskriv om kampanjen på fleire språk enn norsk. 

Hjelp til å finne bøker

Sommarles er ein kampanje der barn kan lese sjølv, vaksne kan lese til dei eller dei kan høyre på lydbøker. Barna kan også registrere bøker på andre språk enn norsk. Etter at foreldre har registrert barna sine på nettsida til Sommarles.no, kan bibliotekarar hjelpe barna med å finne gode bøker.

Nynorskbok.no finn du over 1000 tips til gode nynorske bøker for ulike aldersgrupper.

Nynorsksenteret har gjeve ut ein katalog med omtalar av 40 gode, nynorske barne- og ungdomsbøker. 

Denne lista viser 155 nynorske lydbøker for barn og ungdomar i NLB-biblioteket. 

denne nettsida finn du meir informasjon om Sommarles. 

Kjelder: Sommarles.no kan motverke tap av lesekompetanse av Lidun Hareide og Silje Ims Lied, publisert i Bedre Skole nr. 2 2019

https://altom.sommerles.no/