• Blogg
  • Lag ein plan for nynorsk som sidemål

Lag ein plan for nynorsk som sidemål

22.08.2022

IMG 2608 redigert og komprimert til nettside

Har vi ein plan for opplæringa i nynorsk som sidemål?

Tekst: Jorid Saure
Illustrasjonsfoto: Ingvild Myklebust Hovden

Skal LK20 fremje ei betre språkopplæring i nynorsk som sidemål, må pedagogisk praksis endrast og ressursar tilførast. Vi må dessutan løfte fram nynorsken som relevant og aktuell kunnskap som elevane kan bruke i fleire kontekstar enn dei gjer i dag.

Kunnskapsløftet og framtidsvona

Eit sentralt mål i den nye læreplanen er å gjere læringsutbytet meir relevant for elevane og å skape ein tydelegare samanheng mellom fagområda. Elevane skal oppleve at kunnskapen og kompetansen dei tileignar seg, kan brukast på tvers av faga, og dei skal oppleve motivasjon og meistring på skulen. Opplæringa i nynorsk som sidemål handlar ikkje berre om å gje elevane ein skrivekompetanse. Opplæringa skal også fremje dei kognitive, sosiale og kulturelle kunnskapane til elevane og gje dei ein språkleg kompetanse som dei får bruk for i fleire fag enn norskfaget.

Tid for å fornye opplæringa i nynorsk som sidemål

Å implementere den nye læreplanen krev endring av pedagogisk praksis, noko som både er tid- og ressurskrevjande. Trass i gode intensjonar i tidlegare læreplanar, veit vi at elevane som har bokmål som hovudmål, ikkje tileigna seg god nok nynorskkompetanse gjennom fullført tretten­årig skulegang (Jansson, 2011). Avviket mellom opplæringsmåla i læreplanen og den oppnådde språkkompetansen har vore for stort. Skal LK20 fremje ei betre språkopplæring i nynorsk som side­mål, må pedagogisk praksis endrast og ressursar tilførast. Lærarane må få kurstilbod om fagleg fornying og det må bli sett av tid til sam­arbeid og utviklingsarbeid hjå dei enkelte skulane.­ Ikkje minst må fysiske og digitale læreverk gjerast­ tilgjengelege og skulebiblioteka bli opprusta med nynorsk litteratur.

Jenter som les ungdomsbøker på nynorsk

Aktuelt, relevant og motiverande!

Korleis kan vi leggje til rette for at elevane får ein betre språkkompetanse i nynorsk og meir positive haldningar til språket? Eit avgjerande punkt er at vi prøver å integrere nynorskopplæringa i resten av det skulefaglege arbeidet. Vi må syne fram nynorsk som eit bruksspråk og la elevane utforske og eksperimentere med språket. Elevane må forsøke å sjå grammatiske strukturar som går på tvers av språka, øve og feile, skrive for autentiske lesarar og møte nynorsk kvar dag gjennom korte og lange lese- og skriveoppgåver. Vi må rett og slett organisere undervisinga slik at elevane møter nynorsken som eit relevant og aktuelt kunnskapsstoff som dei kan bruke i fleire kontekstar enn dei gjer i dag. Elevane må oppleve det å lære nynorsk som aktuelt, relevant og motiverande. Fyrst då klarer vi å plassere sidemålsopplæringa i det større utdannings- og danningsoppdraget som LK20 har gitt oss.

Å fremje ein heilskapleg språkkompetanse

Vi på Nynorsksenteret ønskjer å vere eit ressurssenter for ei engasjerande nynorskopplæring som er i tråd med rådande språkdidaktisk forsking og sentrale mål i læreplanen. På sidene våre finn du no eit forslag til ein plan for sidemålsopplæring på ungdomstrinnet. I sidemålsplanen gjev vi døme på korleis lærarane kan drive ei utforskande språkopplæring i klasserommet og leggje til rette for ein heilskapleg språkkompetanse i nynorsk. I planen finn de konkrete døme på korleis ein kan jobbe for å kontekstualisere språkopplæringa og korleis ein kan fremje ein induktiv og bevisstgjerande språkdidaktikk i klasserommet. Målet er at forslaga i sidemålsplanen kan brukast som utgangspunkt til å vidareutvikle skulen sin nye språkopplæringspraksis i nynorsk. Kanskje kan skuleåret 2022/2023 markere starten på ei fornya opplæring i nynorsk som sidemål? Vi på Nynorsksenteret høyrer gjerne frå deg og skulen din om de vil diskutere og få tips og råd til korleis de kan vidareutvikle nynorskopplæringa ved skulen dykkar. Skal elevane våre bli betre i nynorsk, treng vi å tenkje nytt om korleis vi kan arbeide for å nå måla i LK20, og Nynorsksenteret vil gjerne vise veg.

Mg 8266 Kvadrat
Plan for sidemålsopplæring på ungdomstrinnet

Eit forslag til korleis ein plan for sidemålsopplæringa for dei tre åra elevane går på ungdomsskulen, kan sjå ut.

Kjelder

Jansson, Kolberg B. & Skjong, S. (2011). Norsk = Nynorsk og bokmål. Ei grunnbok om nynorsk i skolen. Det norske Samlaget.

Kunnskapsdepartementet. (2020). Overordna del – verdiar og prinsipp i grunnopplæringa.

Utdanningsdirektoratet. (2020). Læreplan i norsk.