Plan for sidemålsopplæring på ungdomstrinnet

Her finn dokker eit forslag til korleis ein plan for sidemålsopplæringa for dei tre åra elevane går på ungdomsskulen, kan sjå ut. Vi trur det er viktig at skulen har ein slik plan, slik at ansvaret for sidemålsopplæringa ikkje blir overlate til den einskilde læraren og hans eller hennar engasjement og innsats.

Mg 8266
Som norsklærar har ein moglegheit til å gje elevane ei verdfull didaktisk språkstøtte gjennom å bruke nynorsk som undervisningsspråk.

Denne planen er meint som eit utgangspunkt for diskusjon i kollegiet på skulen, og ikkje som ein fasit for korleis ein gjer det. Sidemålsplanen kan byggjast ut og inn etter kva ønske dokker har, men det er viktig å sikre at nynorsken vert ein integrert del av det norskfaglege arbeidet. Dei ulike aktivitetane kan gjerne flyttast mellom klassestega. Så er det opp til dokker å ta diskusjonen for å endre planen slik at han passar til sidemålsopplæringa hos dokker.

Som norsklærar har ein moglegheit til å gje elevane ei verdfull didaktisk språkstøtte gjennom å bruke nynorsk som undervisningsspråk. Bruk difor nynorsk i både presentasjonane dokker utformar på tavla, i oppgåvetekstar og på vekeplanen. Det kan fremje ei implisitt språklæring for elevane og opne opp for mange nye samtalar om språk. Vi vil også råde dokker til å gje elevane faste lese- og skriveoppdrag på nynorsk på vekeplanen, slik at elevane får god mengdetrening i å bruke språket. Eit godt tips er til dømes å bruke tekstar frå Framtida.no eller Framtidajunior.no som fast innslag på vekeplanen. Då får dokker samstundes vist fram nynorsk som eit aktuelt bruksspråk, og det er viktig. Vi vil også minne om ressursen vår kreativ skriving, som gjer det enkelt å flette inn små skriveoppgåver i norskundervisinga.

På nynorsksenteret.no finn dokker ei rekkje læringsressursar som er fine å byggje sidemålsplanen ut med. Ein måte å gjere nynorskundervisninga så aktuell, relevant og motiverande som mogleg på, er arbeide med tema og opplegg som passar til tida ein er inne i. Skriv gjerne årshjulet vårt ut og heng det over kopimaskina, så blir det enklare å hugse på dei ulike læringsaktivitetane som ventar. God nynorskundervisning!