• Blogg
  • Ny ressurs: Brevet frå krigen

Ny ressurs: Brevet frå krigen

27.04.2020

Brevet Fraa Krigen 729X1024

Nynorsksenteret har laga eit nytt undervisningsopplegg i Bok på 1-2-3. Brevet frå krigen er eit tofagleg opplegg for 5.–7. trinn og 8.–10. trinn i faga norsk og samfunnsfag.

Opplegget er laga for heimeskule, men kan også gjennomførast i klasserommet. Utdraga frå boka er innlesne slik at dei skal vere lett tilgjengelege for alle elevar.

I 2020 er det 75 år sidan frigjeringsdagen. Jubileet ville vanlegvis blitt markert med minnearrangement med mykje folk, flagg, talar og musikk. Sjølv om det ikkje let seg gjere å samle mykje folk denne våren, kan ein markere frigjeringa med å arbeide med boka. Brevet frå krigen er eit godt utgangspunkt for å snakke om menneskesyn og tidlause verdiar som vennskap og omsorg.