Bok på 1-2-3: Brevet frå krigen
Dette er eit tofagleg opplegg for 5.–7. trinn i faga norsk og samfunnsfag. Med utgangspunkt i boka Brevet frå krigen arbeider vi med nokre sentrale hendingar i den andre verdskrigen i Noreg. Vi skal også sjå dei i samanheng med verdigrunnlaget i LK20, der menneskeverdet, demokrati og medverknad er sentrale punkt.
Brevet frå krigen er eit godt utgangspunkt for å snakke om menneskesyn og tidlause verdiar som vennskap og omsorg. Opplegget kan både gjennomførast i klasserommet eller i heimeskule.
Tidsramme: Tre økter à 30–40 minutt
Økter
Formål
Norsk etter 7. trinn
- lese lyrikk, noveller, fagtekstar og annan skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald
- utforske og beskrive samspelet mellom skrift, bilete og andre uttrykksformer og lage eigne samansette tekstar
Samfunnsfag etter 7. trinn
- reflektere over kvifor konfliktar oppstår, og drøfte korleis den enkelte og samfunn kan handtere konfliktar
- utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
- drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering