Brevet frå krigen – økt 3

1. Før du lyttar eller les til utdraget frå boka

Etter fem år tek krigen slutt, og Jorun fortel om 8. mai, frigjeringsdagen. No vart det fest og glede! Men mange var også sinte på tyskarane og gjorde det vanskeleg etter krigen for dei som hadde støtta okkupasjonsmakta.

Også i dette kapittelet er det nokre omgrep du bør vite om før du les eller lyttar til utdraget frå boka:

«Gutta på skauen» var menn (og nokre kvinner) som gøymde seg i skogen og var ein del av ei hemmeleg motstandsrørsle. Det fanst også ein militær motstandsorganisasjon som vart kalla «Heimestyrkane» eller «Heimefronten», som fekk i oppgåve å bevare ro og orden då krigen gjekk mot slutten.

2. Les eller lytt til utdraget

Kapittel 31, om 8. mai, s. 166– 169

3. Etter lesinga

Sjå på ansiktsuttrykka til menneska på biletet på side 166–167. Dersom biletet var ein film, kva lyd ville det då vore til dette biletet? Tenk deg jubelen og hurra-ropa!

I utdraget fekk vi høyre om to tyske soldatar som vart omringa av nordmenn. Snakk saman i par eller grupper rundt desse spørsmåla:

  • Korleis trur du det var å vere ein tysk soldat i Noreg 8. mai 1945?
  • Kvifor var Jorun stolt over at ingen av dei norske tok hemn over dei tyske soldatane?
  • Kjenner du til konfliktar i verda i dag som kjem frå rasisme eller at nokon meiner at andre folkegrupper er mindre viktige enn andre?
  • Kva kan vi gjere i dag for å arbeide for likeverd og menneskeverd? Kva kan du gjere, kva kan Noreg gjere og kva kan andre land gjere?