Brevet frå krigen – økt 1

Brevet Fraa Krigen 729X1024

Brevet frå krigen er ei bok om korleis det er å vekse opp under den andre verdskrigen. Forteljingane handlar om viktige hendingar i krigsåra og om livet i Noreg, slik Jorun E. Waage opplevde det. Ho var 12 år og budde på Lindøya i Oslofjorden saman med mora, faren, søstera og broren då tyske soldatar tok over Noreg den 9. april 1940. Boka er basert på samtalar med Jorun, hennar private brev og bilete, og ei innhaldsrik samling av historiske kjelder og biletmateriale.

Stripe

Før vi les utdrag frå boka

I Noreg starta 2. verdskrigen 9. april 1940. Då angreip Tyskland mange kystbyar i Noreg med bombefly og krigsskip. Her er nokre viktige ord å merke seg før du lyttar til bokutdraget, eller les det sjølv:

Flyalarm er ei sirene som varslar når det kjem fly innover landet. Lyden betyr «Fare for angrep, søk dekning» og er ein tutande lyd med korte støytar.

Rasjonering er når staten bestemmer kor mykje folk kan kjøpe av ulike varer.

Hamstring er når folk kjøper store mengder matvarer og anna, som dei lagrar i tilfelle dei ikkje får tak i det seinare.

Luftvernet hadde ansvar for flyalarmar og tilfluktsrom. Dei bestemte også at folk måtte rydde på loftet, slik at huset ikkje så lett tok fyr dersom det vart bomba.

Les eller lytt til desse utdraga frå boka

Prolog: side 4 og 5
Kapittel 1, om 9. april 1940: side 6–12

Etter lesinga

No har du så vidt blitt kjend med Jorun og høyrt korleis ho opplevde det den dagen det vart krig i Noreg, 9. april 1940. Heilt sidan september året før hadde dei frykta at noko slikt kunne skje, men no kom bombeflya over huset hennar på fredelege Lindøya i Oslofjorden.

Vidare i boka får vi høyre om korleis Jorun og familien hennar hadde det dei fem åra det var krig. Det er ei dramatisk historie.

Heldigvis har Jorun ei god venninne, Unni. Dei gjekk på barneskulen saman, og når dei ikkje kunne møtast, skreiv dei brev til kvarandre. På side 24 i boka kan du lese kva Unni skreiv i poesiboka (minneboka) til Jorun i mai 1942. Då var ho 13 år.

Skriveoppdrag

Bli inspirert av brevskrivinga mellom Unni og Jorun. Tenk deg at du ikkje får treffe klassekameratane dine på lenge, lenge. Skriv eit kort eller eit brev til ein venn. Du kan skrive for hand eller digitalt, men gjer deg flid og tenk at mottakaren skal ha lyst til å ta vare på brevet i mange år.

Hugs å skrive kven brevet eller kortet er til (eventuelt kan du skrive «Til min hemmelege venn»). Skriv noko du har opplevd, og noko du skulle ønskje at du kunne gjere saman med vennen din. Avslutt brevet på ein hyggeleg måte, gjerne med ein klem, ei vennleg helsing eller på gjensyn. Du kan gjerne sende brevet til vennen din etterpå.