• Blogg
  • Tekstar for ungdom om relasjonar

Tekstar for ungdom om relasjonar

02.10.2024

Haavard Festø til nettside

Her er ei liste over gode tekstar som tematiserer relasjonar, og som illustrerer skjer i sjøen på vegen mot trygge relasjonar. Tekstane handlar om å rekkje ut ei hand, ta kontakt, vanskane knytte til å vere seg sjølv i møte med andre, og å leggje merke til andre si velvilje når det stormar som verst.

Tekst: Håvard Festø, tilsett ved Nynorsksenteret
Foto: Høgskulen i Volda

Eg er V Vida til nettside

Eg er V-vida (ungdomsroman)

Ungdomsromanen Eg er V-vida handlar om å våge å vere seg sjølv, og vanskane med å definere seg sjølv når alle andre gjer det for deg. Tretten år gamle Vida stammar, og vert mobba i klassen. Etter at besteveninna Siri flytta, kjenner ho seg åleine og prøver å gjere seg usyneleg. Etter sommarferien byrjar Victor i klassen. Victor har cerebral parese, raske replikkar og ein sjølvtillit som Vida berre kan drøyme om. Men viktigast av alt: Viktor ser og bryr seg om Vida.

Stripe
Vonde visu til nettside

Innegubbe (songlyrikk)

Visesongaren Stein Torleif Bjella har blitt skildra som «tause menns talsmann». Mange av songane handlar om personar som ikkje tek ordet, og som blir ståande på sidelinja i sitt eige liv. Songen Innegubbe frå plata Vonde Visu (2011) gjev eit innblikk i ein usikker mann som lengtar etter eit venskap han ikkje vågar å ta initiativ til. Avstanden mellom indre lengslar og ytre framtoning gjer det vanskeleg å sjå kjærleiken som skjuler seg i ein bitter mann.

Kanskje det går te helvete

Kanskje det går te helvete (album)

Artist og låtskrivar Synne Vo har nyleg gjeve ut albumet Kanskje det går te helvete. Synne Vo syng på lesjadialekt og tematiserer den kompliserte ungdomstida. På albumet finn du låten Mamma sa det ordne se for snille piker (med tekst på Spotify). Denne låten tematiserer det flyktige jaget etter ein identitet i ein ungdomskultur der ein måler seg sjølv opp mot glansbilete. Låten 25 (med tekst på Spotify) handlar om små viktige augneblinkar som me ikkje greier å sjå verdien av før dei er borte. Både omsorg og lykke er lettare å få auge på i ettertid, men låten kjem med ei oppmoding om å leggje merke til varme augneblinkar og å «prøve å ta døm inn».

Best i alt (kronikk)

22. september publiserte NRK Ytring kronikken Best i altav Elin Eika Bringa. Denne kronikken poengterer korleis dyrkinga av den einskilde sine prestasjonar og potensial står i vegen for å dyrke gode medspelarar. Bringa viser korleis det å løfte blikket, gje litt faen og sjå andre kan vere den rette motgifta i møte med ein mediekvardag som sjeldan viser oss det ordinære.

Å høyre saman (artikkel)

I artikkelen Å høyre saman skriv Kari Nygård Tvilde om fenomenet lyttearrangement. Live-podcast, albumlytting og liknande arrangement fyller eitt eller anna sosialt behov i vår tid, og sosiolog Aksel Tjora forklarer kva som kan vere bakgrunnen for at denne typen arrangement har fått ein oppsving. Artikkelen er frå 2016, men nokre av fenomena som er skildra, ser ut til å halde fram med å vere populære.

Terje Torkildsen komprimert til nettside

Heime-åleine-fest (novelle)

Novella Heime-åleine-fest er skriven av Terje Torkildsen på oppdrag for Nynorsksenteret. Steffen, ein gut i tenåra, går heimanfrå til ein nyttårsfest. Foreldra skal reise på fest til nokre vener litt seinare. I tankane freistar Steffen å overtyde seg sjølv om at han berre vil vere åleine, og tek sikte på å snike seg inn så fort foreldra har reist.

Gjestane (roman)

I romanen Gjestane av Agnes Ravatn møter me Karin, som noko motvillig har fått låne ei luksuriøs hytte. Karin kjenner seg underlegen i møte med hyttenaboar og eit samfunnslag som ho ikkje passar inn i. Usikkerheita resulterer i kvite løgner og ei arrogant haldning, framfor å våge å vere seg sjølv. Det er noko tragikomisk i måten hovudpersonen manøvrerer seg bort frå ubehagelege konfrontasjonar, ein strategi som berre gjer vondt verre.

Gjestane til nettside