• Blogg
  • Mange vil arbeide med teikneseriar

Mange vil arbeide med teikneseriar

09.11.2018

Cordelia Blogg

10 000 hefte av teikneserien Bobler frå djupet er no ute i norske skular.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Illustrasjon: Johanne Eikå Bergill (frå antologien Bobler frå djupet)

Bobler frå djupet er ein antologi med teikneseriar på nynorsk. Teikneseriane er særleg retta mot elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule. Arild Torvund Olsen som har hatt ansvar for dette prosjektet ved Nynorsksenteret, trur det er fleire grunnar til at dette heftet har vorte så populært.

– Eg trur kanskje at det gjev lærarane tilgang til noko som dei har tenkt at dei burde jobbe med, men som dei ikkje heilt har visst kvar dei skulle finne. Veldig mykje av det som finst av gode, nyare norske teikneseriar, er gjeve ut i hefte som er i sal ein kortare periode eller hos spesialistbokhandlarar. Når unge får tilgang til gode teikneseriar, så les dei teikneseriar, seier Arild. 

Motiverande historier

Bobler frå djupet kom ut i april i år. Det har vore mogleg for skular å tinge klassesett. No har heile opplaget på 10 000 hefte vorte sendt ut til skular over heile landet.

– Korleis kan teikneseriar gjere det spennande å lære nynorsk?

– For det første er det gode historier. Gode historier er alltid motiverande. For det andre er det fint å kombinere nynorskopplæring med noko anna enn berre lyrikk eller grammatikk. I teikneseriar er det avgrensa tekstmengd. Difor er det eit fint medium for elevar som skal skrive sine første nynorsktekstar. Elevane kan lage gode samansette tekstar med overkomeleg tekstmengd, forklarer Arild.  

Korleis kom du på tittelen Bobler frå djupet?

– Den var litt inspirert av illustrasjonen som den eine serieskaparen, Katarina Aasgaard Stømsvåg, har laga til framsida. Det finst eit hav av teikneseriar som mange ikkje kjenner til. Her er det nokre bobler som stig opp til overflata, seier Arild.  

Tilgjengeleg på nett 

Bobler frå djupet er tilgjengeleg på teikneseriesidene til Nynorsksenteret. 

– Vi ønskjer å lage fleire slike hefte etter kvart. For dei som ønskjer å arbeide med teikneseriar no, så er Bobler frå djupet tilgjengeleg digitalt, seier Arild.

Nokre av seriane ligg ute som PDF-filer som ein kan skrive ut og ta med i klasserommet. På nettsida til Nynorsksenteret finn ein også undervisningsopplegg som ein kan bruke.

– Vi har til dømes eit som går ut på å bruke ein av teikneseriane i heftet som utgangspunkt for å skrive ein kort tekst eller ei novelle. Ein kan også finne ein kort tekst og lage teikneserie av denne, forklarer Arild.

Antologien inneheld desse seriane:

  • «Cordelia» av Johanne Eikå Bergill
  • «Bjartmann» av Øystein Runde
  • «Kongen i havet» av Katarina Aasgaard Strømsvåg
  • «Jojo» av Ida Neverdahl
  • «Dunce» av Jens K. Styve
  • «Freden» av Jey Levang