• Blogg
  • Motiverande nynorskundervisning – finst det?

Motiverande nynorskundervisning – finst det?

17.02.2020

Ane Gilje

«Skal vi ha fremmedspråk i dag?» var spørsmålet som møtte meg første gong eg skulle undervise i nynorsk i Oslo-området under lærarutdanninga. Etter fleire år i Oslo-skulen møter spørsmålet meg framleis – fram til elevane skjønar at språket dei skal lære, ligg nærare opp til dialekta deira enn dei er klare over. I dette innlegget skal eg ta for meg nokre tips og triks for å gjere nynorskundervisninga meir relevant, morosam og lærerik for elevar som har nynorsk som sidemål. 

Tekst: Ane Gilje, lærar ved Nordberg skole i Oslo

Det første eg startar med når eg møter ein ny klasse som skal lære nynorsk, er å snakke om motivasjon og relevans. Ofte kan eg møte elevar som tenkjer at nynorsk er det same som å skulle lære tysk, fransk eller spansk. Dei ser på språket som noko heilt framandt, noko dei må pugge og som dei ikkje vil forstå uansett kor mykje dei prøver. Min jobb vert då å setje nynorsk inn i ein kontekst der dei forstår relevansen av å lære det, og vise dei korleis dei kan meistre nynorsk med enkle steg.

Ei av dei første oppgåvene elevane får, er at eg spør dei om mi vestlandsdialekt er meir nynorsk enn deira Oslo-mål. Dette svarar dei som regel ja til, og så ler dei litt av meg, naturleg nok. Eg utfordrar dei då til å finne fem ord i dialekta si som dei trur kan likne nynorske ord eller endingar, og så gjer eg det same på bokmål. Då får fleire av elevane seg ein vekkjar, for dei har fleire nynorskendingar i dialekta si enn dei trur, og eg har fleire bokmålsendingar i mi dialekt enn elevane trur. Då byrjar nokre av dei å sjå relevansen av at alle kan litt om både hovudmålet og sidemålet sitt.

I lekse dei første vekene får elevane beskjed om å finne ein artist eller kjendis som snakkar tilnærma nynorsk i dialekta si. Dei får i lekse å lytte til denne personen, og så ber eg dei ha stemma til personen i hovudet kvar gong dei skal skrive ein tekst på nynorsk. Då vert det lettare å stole på at orda ein skriv, er riktige. 

Grammatikkstafett

Det er ikkje til å kome frå at grammatikkundervisning er det eg hugsar best frå min eigen skulegang. Pugging av sterke verb var ikkje min favorittaktivitet, og sjølv om det for mange kan vere ein god metode for å få orda til å «sitje» i hovudet, har eg ikkje heilt trua på at dette fremmer motivasjon i sidemålsundervisninga. Eg prøver difor å få elevane til å vere nyfikne på språket og utforske det gjennom leik før vi gyv laus på reine grammatikkoppgåver.

Ein av metodane eg bruker mykje, og som elevane elskar, er grammatikkstafett ute i skulegarden. Då vert elevane delte inn i grupper, får ein bunke på kanskje 15 substantiv kvar, og så skal dei stille seg opp på rekker i enden av skulegarden. Eg som lærar står på andre sida, og dei må ta eitt og eitt substantiv, springe bort til meg og bøye det så fort (og riktig) som dei kan. Er det riktig bøygd, får dei springe tilbake og gruppa sender ut ei ny utsending som skal bøye neste substantiv. Er ordet derimot ikkje bøygd riktig, må eleven springe tilbake til gruppa. Då må elevane i gruppa diskutere kva som er riktig bøying, og saman finne svaret før dei prøver seg på nytt.

For dei aller fleste elevane er dette særs motiverande, og dei vert så ivrige at dei nesten dyttar kvarandre vekk for å få svare først. Eg merkar også at når vi har gjort dette først, og så øver oss på reglane for korleis ordklassen skal skrivast, heng også dei svakaste elevane meir med i nynorskundervisninga. Eg trur dei vert meir påkopla fordi dei har fått teste ut orda i leik før dei skal skrive dei ned. Vi køyrer også desse øvingane i klasserommet, men då i form av live-versjonen til Quizlet der dei må gå saman i grupper og finne riktige endingar til ordklassar. 

Ord i kontekst – vegen til suksess

Siste ledd i nynorskundervisninga er det vi lærarar bruker mykje tid på, men som eg vil våge å påstå at vi bør bruke endå meir tid på – nemleg skrivetrening. Elevane kjem ingen veg om dei ikkje får prøve ut orda i tekstar og gjere feil på vegen som dei kan lære frå.

Ei oppgåve som fungerer særs godt, er å skrive under press i læringspar. Eg gjev ofte oppgåva «Skriv ein tekst på 10 minutt» (sjå figur 1). Då får elevane ei skriveramme med fem avsnitt, og dei skal berre bruke to minutt på kvart avsnitt. Eg set på stoppeklokka, og når det er gått to minutt byter dei ark med sidemannen. Dei byter tilbake igjen etter dei neste to minutta. Når dei er ferdige med skrivinga, skal dei forbetre teksten sin i par, der dei må søke opp orda i ordboka og sjekke at orda er stava riktig og har riktig ending. Når vi har slike skriveøkter i timane, kan eg ikkje sjå eit einaste surt andlet. Elevane gløymer at dei skriv nynorsk, og dei tek heller fram konkurranseinstinktet og skriv til dei får krampe i handa.

Dette er også ei strålande oppgåve i klassar der ein treng å ha ekstra vekt på samarbeid og klassemiljø, fordi elevane tykkjer at det ikkje gjer så mykje å rette feil hos kvarandre sidan dei har fått så kort tid på oppgåva. Som ein elev sa til meg ein gong: «det er jo gøy å skrive nynorsk når vi kan le av feilene våre!». Det tykkjer eg er ei fin oppsummering av korleis ein kan drive med motiverande nynorskundervisning.  

I januar var Ane Gilje gjest i podkasten "Rekk opp hånda". Her snakkar ho om korleis ein kan gjere undervisninga i sidemål motiverande og engasjerande.

Høyr intervjuet med Ane Gilje her.