• Blogg
  • Nedteljing – ein ungdomsroman som engasjerer!

Nedteljing – ein ungdomsroman som engasjerer!

01.02.2023

Susanne og Nedteljing

Er du jakt etter ein nynorsk roman som kan vere kjekk å arbeide med på ungdomstrinnet? Susanne Marie Holthe Andreassen er norsklærar og arbeider ved Hovedgården ungdomsskole i Asker. Her har dei gjort seg gode erfaringar med å bruke romanen Nedteljing av Anders Totland i klasserommet, og dei har utforma eit undervisingsopplegg som dei no deler med Nynorsksenteret. I denne teksten fortel Susanne litt om korleis dei har lagt opp arbeidet med romanen.

Undervisingsopplegget finn du her:

Nedteljing ikon
Undervisingsopplegg til romanen Nedteljing av Anders Totland

I dette opplegget får elevane nærlese ein nynorsk roman og arbeide med eit rikt utval av samtale- og skriveoppgåver.

Om undervisingsopplegget

I dette opplegget har vi brukt boka Nedteljing av Anders Totland med elevar på 9. trinn. 

På skulen vår jobbar vi etter planar som går over seks veker, og dette opplegget kan gå over både seks og sju veker, men også kortare tidsrom, om ein ønskjer det. Det er viktig for oss at elevane får arbeidd med nynorsk over ein lengre periode, og romanarbeidet høver difor godt å leggje til niande trinn.

 Vi har valt denne boka fordi ho tek opp viktige tema som nettvett, utpressing, seksualitet og gutar si psykiske helse. Vi har lese ho med elevar tidlegare, og dette er absolutt ei bok som fengjer både gutar og jenter. Dei synest det tidvis er kleint (her blir det snakka om sex, puppar, dickpics og runking), men dei vil lese vidare, og dei snakkar om boka i friminutta. Boka er ikkje så lang, noko som gjer at ho er mogleg å kome gjennom på kort tid. Vi har også valt at lærar les høgt for elevane, slik at vi har kontroll på kor langt vi har kome i boka. I tillegg gjer høgtlesing at vi i større grad får med oss alle elevane. Vi har lånt klassesett frå fylkesbiblioteket, og elevane ser i boka medan lærar les.  

Å arbeide med nynorsk over ein lengre periode

Det var nokre element som var viktige for oss undervegs i arbeidet med romanen: å skrive korte tekstar på nynorsk, at elevane skulle bli godt kjende med den digitale ordboka, at alle skulle ha lese ei bok i løpet av skuleåret, og at dei skulle bli vande med å gje rettleiing og tilbakemelding til medelevar. Difor gjorde vi fleire stopp undervegs i lesinga, slik at elevane fekk skrive korte tekstar på nynorsk. Før vi starta opp med romanarbeidet, laga vi oss eit planleggingsdokument der vi skreiv ned kva vi skulle gjere time for time. Sjølv om vi gjorde litt endringar undervegs i arbeidet, så har det vore greitt med ein raud tråd slik at vi visste kor vi skulle. 

Undervegs i lesinga fekk elevane utdelt kvar sin leselogg med spørsmål som dei skulle skrive svar på undervegs. Leseloggen gav meg som lærar kontroll over kor langt elevane var komne i romanen, og det var også praktisk for elevane at dei hadde alt samla i eitt dokument.  

Arbeidet med romanen medførte ei vurdering i norsk skriftleg og ei vurdering i norsk munnleg. I den skriftlege oppgåva vart elevane bedne om å skrive eit brev til hovudpersonen Viggo. Vi valde ei slik oppgåve fordi det er viktigare for oss, i fyrste omgang, at dei kan konsentrere seg om det å skrive på nynorsk, i staden for å bruke tid på å finne kjelder til innhaldet. Det var også viktig for oss at alle elevane klarte å svare på oppgåva, og det gjorde dei.  

I den munnlege oppgåva delte vi elevane inn i grupper på fire, der kvar elev fekk si oppgåve. Etter å ha jobba med oppgåvene kvar for seg, spelte dei inn ein felles samtale, kor dei fortel om det dei har funne ut av. Oppgåvene er differensierte, slik at ein kan fordele dei ut frå det faglege nivået til elevane.   

Den siste oppgåva i undervisingsopplegget handlar om å lage ein digital plakat om nettvett. Dette er om ein har tid, men vi ser at elevane har mange tankar rundt temaet, og gjennom arbeidet med plakaten lærer elevane om korleis dei kan gå fram om det skjer noko ubehageleg på nett.   

Set av god tid til å samtale om romanen

Det er viktig at ein brukar god tid på å samtale om handlinga og tematikken i romanen. Boka har ein open slutt, og ein kan stille mange spørsmål om kva Viggo gjer til slutt, og korleis handlinga eigentleg sluttar. Det må leggjast inn tid til å samtale om handlinga, tema og bodskapen, slik at elevane får lufta dei tankane og kjenslene som kan kome.   

Vi tenkjer også at boka passar godt inn i eit tverrfagleg tema, og særleg inn i det overordna temaet «folkehelse og livsmeistring». Romanen kan også koplast til aktuelle tema i engelsk og samfunnsfag, som seksualitet, nettvett, lovar og reglar. I KRLE kan ein jobbe med etiske spørsmål og dilemma i tilknyting til romanen. Vi trur absolutt at romanarbeidet kan knytast inn mot fleire fag, for romanen omfattar sentrale tema for ungdom i 2023.

Les meir om romanen Nedteljing nynorskbok.no.