Norsk Barneblad tilbyr undervisningsopplegg
22.10.2024
Nana Rise-Lynum er redaktør for Norsk Barneblad. (Foto: Aina Griffin)
Norsk Barneblad er eit nynorsk blad for barn og unge i alderen 7–14 år. Det kjem ut 11 ulike temanummer kvart år, og bladet er gjennomillustrert i fargar. No får du undervisningsopplegg til bladet.
Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
– Det er mange skular som kjøper klassesett av Norsk Barneblad. Vi har blitt kontakta av lærarar som ønsker hjelp til korleis dei kan bruke bladet i andre fag enn norsk. Gjennom dei nye undervisningsopplegga kan bladet brukast i fleire fag, seier redaktør Nana Rise-Lynum.
Sidan august har det blitt publisert tre undervisningsopplegg til tre ulike temanummer. Opplegga er utvikla av fagtilsette ved Nynorsksenteret. Dei er laga for 3.–4. trinn og 5.–7. trinn. Lærarane får mellom anna tilgang til lysbiletepresentasjonar som dei kan tilpasse til eiga klasse.
– Eg har fått tilbakemeldingar frå lærarar som synest opplegga er midt i blinken. Blada eignar seg godt til tverrfagleg undervisning. Dei fleste klassesetta går til 5. trinn. Opplegga vil truleg føre til at fleire ulike klassetrinn tek blada i bruk. Det er i alle fall signala som eg har fått frå skulane, seier Rise-Lynum.
Opplegga er gratis å ta i bruk, og du finn dei på nettsida til Norsk Barneblad under Lærarrettleiing.
Basert på fakta
Bladet vert lese av elevar over heile landet, både på skular som har nynorsk som hovudmål, og på skular med nynorsk som sidemål.
– Eg lagar det bladet eg sjølv ville hatt som barn. Bladet er basert på fakta, nesten som eit slags Illustrert Vitenskap for barn. Vi opplever at barn er interesserte i det meste. Vi prøver å sjå på eit tema frå alle moglege kantar. Vi legg stor vekt på å ha gode illustrasjonar og ulike tekstar – både korte og lange, seier Rise-Lynum.
Til skular tilbyr Norsk Barneblad både abonnement og klassesett av enkeltblad. Ein del skular kjøper inn bladet sjølv, andre får bladet i gåve.
– Eg vil rette ein stor takk til dei lokallaga i Noregs Mållag som kjøper bladet inn til skulane, seier Rise-Lynum.
Ho fortel også at ein del besteforeldre, foreldre, tanter og onklar gjev gåveabonnement på Norsk Barneblad som barn kan få rett heim i postkassa. Redaktøren lærer mykje i arbeidet med kvart enkelt nummer. Ho håper at bladet gir lesarane både leselyst og leseglede.
– Vi ønsker å tilby eit blad med høg kvalitet. Vi ser at det med tema har blitt viktigare og viktigare for både lesarane av bladet og skulane, seier ho.
Norsk Barneblad har kome ut sidan 1887 og er truleg det eldste barnebladet i verda. Det har vunne fleire prisar opp gjennom åra, mellom anna prisen for beste design i 2021 frå Norsk Tidsskriftforening. Nana Rise-Lynum har vore redaktør for bladet sidan 1999. I år fekk ho både Målprisen og Nynorsk redaktørpris for arbeidet sitt.
God start med nynorsk
Elevar som har nynorsk som hovudmål, treng å lese og skrive mykje på nynorsk for å verte trygge språkbrukarar.
Elevar som har bokmål som hovudmål, skal byrje tidleg med nynorsk.
Læreplanen legg opp til ein progresjon i sidemålsopplæringa: Elevane skal bli lesne for på sidemål dei to første skuleåra. På tredje og fjerde trinn skal elevane lese og lytte til forteljingar, eventyr, songtekstar og faktabøker på bokmål og nynorsk (...) og samtale om kva tekstane betyr for eleven. I tillegg skal elevane utforske forskjellar og likskapar mellom skriving på hovudmål og sidemål (LK20).
På 5.–7. trinn skal elevane lese lyrikk, noveller, fagtekstar og annan skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål, nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald. Dei skal også prøve ut skriving av tekstar på sidemål, og utforske og reflektere over samanhengen mellom språk og identitet (LK20).
Frå arkivet:
Les om korleis elevane på 5. trinn ved Nordby skole i Rælingen kommune tok i bruk Norsk Barneblad.
Har du testa eitt eller fleire av dei nye undervisningsopplegga til Norsk Barneblad?
Ta kontakt med ingvild@nynorsksenteret.no