• Blogg
  • Ny ressurs: Biletbøker i ungdomsskulen

Ny ressurs: Biletbøker i ungdomsskulen

20.05.2019

Biletbøker I Ungdomsskulen Til Nyhende

Vi har publisert ein ny ressurs og film som viser korleis ein kan arbeide med biletbøker i ungdomsskulen. 

Norsklærar Anne Hufthammer ved Sund ungdomsskule på Sotra har arbeidd med biletbøker i undervisninga i mange år. Ho har utarbeidd eit heilskapleg undervisningsopplegg som viser korleis ein kan jobbe med biletbøker i undervisninga. 

Å arbeide med biletbøker i ungdomsskulen er ein fin måte å jobbe med multimodale tekstar på. Læraren og/eller skulebibliotekaren kan til dømes plukke ut gode biletbøker på nynorsk til dei elevane som skal skrive analyse. Elevane som skal lage eigne biletbøker, får god tid til å jobbe med nynorsken.

Les meir