• Blogg
  • Ressurs: Utforsking av ord

Ressurs: Utforsking av ord

11.01.2019

Lappar Med Ord Redigert

Mange av orda våre har meir enn ei tyding, og blir brukte på ulike måtar i ulike samanhengar. Det er ikkje grenser for korleis ein kan setje saman ord. Å arbeide med ord og omgrep kan vere både engasjerande og nyttig, og det kan vere utgangspunkt for vidare skriving. I ein ny ressurs tek me utgangspunkt i ord som kan ha mange tydingar og assosiasjonar, og nyttar dei som utgangspunkt for tenkeskriving og vidare skriving.

Ressursen er i utgangspunktet laga for ungdomsskulen, men kan lett tilpassast eldre eller yngre elevar.

Sjå ressursen: Utforske og leike med ord